Utløpt

Spennande leiarstillingar i Vossaskulen

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Rektor og assisterande rektor
Frist
22.06.2021
Ansettelsesform
Fast

1. Det er ledig 100 % fast rektorstilling ved Skulestad skule frå 1.8.2021.

  Det er også ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor ved Palmafossen skule frå 1.8.2021.

  Rektor og assisterande rektor utgjer leiarteamet ved skulane.

 

2. Det kan bli ledig ein til to faste stillingar i 100 % som rektor eller assisterande rektor i Vossaskulen, med atterhald om interne endringar i leiarstruktur frå 1.8.2021.

 

Me søkjer dyktige leiarar som er motivert for stillingane og har visjonar om leiing av ein god skule, og som har motivasjon og evne til å insirera og arbeida målretta og systematisk.

 

Rektor og assisterande rektorar må stå fram som tydelege leiarar og vera gode til å samarbeida mot felles mål.

Me ser etter personar som ynskjer å vera aktive bidragsytarar til å vidareutvikla Vossaskulen.

Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver.


Om arbeidsstaden

Gå inn på https://voss.herad.no/tenester/barn-og-familie/skulane-i-voss-herad/ 

for å finna nærare opplysningar om skulane.

 

Arbeidsoppgåver

* Leia verksemda og sikra utviking og vekst i eigen organisasjon

* Syta for eit trygt og inkluderande læringsmiljø

* Økonomi og personalansvar

* Vera ein aktiv bidragsytar til å vidareutvikle skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap

* Bidra aktivt til god måloppnåing i heradet og i høve statlege mål og føringar

* Samarbeid med føresette og faginstansar

 

Me søkjer deg som har

* Pedagogisk kompetanse

* Erfaring frå arbeid i skulen

* Leiarerfaring og/eller leiarutdanning

 

Personlege eigenskapar

* Du er ein tydeleg leiar som er i stand til skape motivasjon og vekst hjå den enkelte og i organisasjonen

* Du er modig, har gjennomføringsevne og kan stå fram og vise retning

* Du har interesse for utviklings- og endringsarbeid

* Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med medarbeidarar, elevar, føresette og kollegaer

 

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

 

Me tilbyr

* Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre

* Gode kollegaer og eit positivt miljø

* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

* Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Takvam Rekve
Stillingstittel
Leiar for grunnskule
Mobil
99 20 71 98
Kontaktperson
Frode Monsen
Stillingstittel
kommunalsjef oppvekst
Mobil
41 12 24 32
Følg firma
169 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 221557289
Sist endret 22. jul. 2021 15:56

Rapporter annonse