BESATT

Vil du leie aktivitets- og kulturorganisasjonen BUL Oslo?

Arbeidsgiver
Bondeungdomslaget i Oslo
Stillingstittel
Dagleg leiar (vikariat)
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Den daglege leiaren vår skal ha permisjon, og vi søker no ein vikar for henne dei neste 12 månadane. Det er mogelegheit for fast tilsetting etter denne perioden.


Vi ser helst at du kan starte seinast 1. august 2021.


Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) ein organisasjon som driv med idrett, teater, folkedans, kor og målarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo. Er du allsidig, strukturert, god til å administrere og med eit engasjement for organisasjonsarbeid? Då er kanskje du den rette til å vere dagleg leiar i BUL.


BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er fem tilsette (4,8 årsverk), der to av desse er i Idrottslaget. Dagleg leiar har personalansvar for to personar, er styresekretær for hovudstyret og har ansvar for økonomi, avtalar, husadministrasjon, utleige, koordinering med aktivitetane og tillitsvalde, og andre små og større praktiske oppgåver.


Vi ønskjer ein person som både kan administrere og, i samspel med styret og dei tilsette, vere med på å utvikle og synleggjere laget. Du vil difor i noko grad kunne påverke organisering og innhaldet i stillinga avhengig av bakgrunn og kompetanse.


Dette er dei viktige ansvarsområda:

  • styresekretær med saksutgreiing og oppfølging av vedtak
  • rekneskap, budsjett og søknader
  • personalansvar
  • organisering av kontoret og utvikle gode rutinar
  • bidra i utvikling og synleggjering av laget
  • organisere bruk og utleige av lagslokala
  • bidra i aktivitetar og ved arrangement


Vi søkjer deg som:

  • er ryddig og strukturert, fleksibel og tek initiativ
  • forstår økonomi og ikkje er redd for tal
  • særs god i nynorsk, og uttrykker deg godt både munnleg og skriftleg
  • har erfaring frå organisasjonar som tilsett eller tillitsvald
  • har tankar og idéar om utvikling av frivillige organisasjonar
  • har relevant utdanning, gjerne innan kultur, økonomi eller liknande


BUL har nynorsk som administrasjonsspråk, og du må kunne lese korrektur for andre tilsette og tillitsvalde.


Praktisk om stillinga:

  • 100% stilling med 37,5 timar normalarbeidstid, fleksitid
  • du må rekne med noko kveldsarbeid
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning
  • personalkantine og rabattordningar
  • vi nyttar Office 365, Xledger økonomisystem, medlemssystemet Styreweb


Send søknad og CV til oss snarast mogeleg, og seinast 24. mai.

Om arbeidsgiveren

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 for å vere ein trygg møteplass for innflyttar til hovudstaden . I dag, 120 år etter, driv vi dei same aktivitetane, men du treng ikkje vere innflyttar for å bli med. Vi har om lag 700 medlemmer i alle aldrar i fire aktivitetsgreiner (særlag): Idrottslaget, Songlaget (kor), Teaterlaget og Leikarringen. BUL er kjend for Sentrumsløpet, folkedans og brusteinsball på 17. mai, nynorsk teater og kor som fokuserer på folketonar og nynorske songar. Teatersalen/Nynorsken hus er eit lite kulturhus med ei rekke interne og eksterne arrangement.



BUL eig Rosenkrantz’ gate 8, og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter; Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). IL er med i Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er største einskildaksjonær i Det Norske Teatret- Vi er medeigar i avisa Dag og Tid, og ein av stiftarane av Norsk Barneblad. Saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

leiar, leder, nynorsk, kultur, idrett

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Svindseth
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
91 61 17 17
Kontaktperson
Kari Velure
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 51 41 60
Følg firma
2 følger dette firmaet

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 218397336
Sist endret 23. jun. 2021 16:56

Rapporter annonse