Utløpt

Prosjektleiar Stad skipstunnel

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Prosjektleiar Stad skipstunnel
Frist
31.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mercuri Urval AS

Kystverket skal bygge verdas aller første fullskala skipstunnel i Stad kommune, eit prestisjeprosjekt som allereie no har stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Skipstunnelen inneber etablering av ein gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn, og er eit viktig farleisprosjekt for kystgåande skipsfart på vestlandskysten. I tillegg til sjølve tunnelen som vil bli på 1700 meter og med eit tverrsnitt på 1660m², inneheld prosjektet også entring- og leiekonstruksjonar, omlegging av kommunal- og fylkesveg, nye

tilkomstvegar, utdjupingar og navigasjonsinstallasjonar. Prosjektet har ei styringsramme på om lag 2,7 mrd. kroner, og ein prosjektperiode på om lag fem år. Les meir om prosjektet på Kystverket si heimeside (sjå link lengre nede i annonsa).

Til å leie prosjektet er vi på jakt etter ein framoverlent, løysingsorientert, fagleg sterk og strukturertprosjektleiar.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av prosjektet, herunder framdrift, økonomi, kvalitet og HMS
  • Etablere byggherreorganisasjonen, samt ha personalansvar for ansatte i prosjektorganisasjonen
  • Konkurransegjennomføring iht kontraktstrategi
  • Risiko- og usikkerheitsstyring
  • Vere ein pådrivar for framdrifta av prosjektet
  • Kommunikasjon, informasjon og rapportering

Det må påreknast ein del reiseverksemd i stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne som sivilingeniør eller ingeniør, fortrinnsvis frå bygg- eller anleggslinje
  • Minimum fem års relevant prosjektleiarerfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt
  • Erfaring frå personalleiing i bygge- og anleggsprosjekter
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå komplekse entreprisekontrakter - gjerne innan tilsvarande fagområder som prosjektet - eksempelvis infrastrukturprosjekt, fjellhallar/kaverner eller lignande
  • Svært gode framstillingsevner på norsk og engelsk, munnleg og skrifteleg
  • Generell datakunnskap samt erfaring med aktuelle prosjektprogramvare er ein fordel
  • Førarkort for bil kl. B er naudsynt

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig med evne til å ta nødvendig leiarskap
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne
  • Resultatorientert og ein pådrivar for prosjektet si framdrift
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Motiverande eigenskapar, med evne til å sjå og utnytte den enkelte medarbeidar sin kompetanse
  • Tillitsbyggande og strukturert, med ein etterretteleg arbeidsmetodikk

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr

  • Ei svært spennande stilling, som gjev moglegheit til å vere med på å skrive eit kapittel i sjøfartsnasjonen Noreg si historie
  • Gode velferdsordningar
  • Kystverket er ei IA-verksemd
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode betingelsar
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1113 prosjektleiar. Løn etter avtale.

Arbeidsstad for stillinga vil pt. vere Ålesund. Under prosjektet si gjennomføringsfase vil kontorstad i utgangspunktet vere på prosjektkontor ved anlegget.

Kontakt Kystdirektør Einar Vik Arset tlf. 976 64 308, eller virksomhetsområdedirektør Sven Martin Tønnessen tlf. 906 65 615 for ytterlegare informasjon.

Søknadsfrist: 31.05.2021

Les meir om Stad skipstunnel her; Kystverket - Skipstunnel

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akuttforureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona.

Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaringoppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.
Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging,
Ingeniør,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Prosjektledelse, Infrastruktur, Sivilingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Einar Vik Arset
Stillingstittel
Kystdirektør
Telefon
976 64 308
Kontaktperson
Sven Martin Tønnessen
Stillingstittel
Virksomhetsområdedir., transport, hamn og farlei
Telefon
906 65 615
Følg firma
2103 følger dette firmaet

Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 217776593
Sist endret 1. jun. 2021 00:08

Rapporter annonse