Utløpt

Er desse helsestillingane Midt i Blinken for deg?

Arbeidsgiver
VESTNES KOMMUNE
Stillingstittel
Avdelingsleiarar aktivisering og meistring
Frist
23.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Manpower

Omkrinsa av fjell og sjø er Vestnes ein perfekt stad å bu for deg som er glad i frisk luft og natur. Vestnes har eit stort og variert tilbod av aktivitetar som gjer det vanskeleg å kjede seg. Kommunen har eit rikt kulturliv og eit aktivt sportsmiljø. Det skal finnast aktivitetar for ein kvar smak for innbyggjarane i Vestnes. Samstundes er kommunen sentralt plassert og tett på byane Molde, Ålesund og Åndalsnes. God offentleg samferdsel i form av to flyplassar og ein togstasjon er innan kort reisetid frå Vestnes.  www.ivestnes.no

 

Vestnes Kommune er ein industrikommune med sterke røter i maritim industri, men er også stor innan jordbruk og service. Dei kommunale tenestene er godt utbygd, med blant anna eit nytt moderne helsebygg, Stella Maris, oppført i 2021.

 

Vestnes kommune er ei av landets største vertskommunar etter gjennomføringa av HVPU reforma. Eininga for aktivisering og meistring skal legge til rette for enkeltindivid i døgndrift, avlastning, barnebustad og ambulante tenester. Eininga vil yte tenester til m.a personar med psykisk utviklingshemming, psykisk helse og rus og autismespekterforstyrringar

 

I denne eininga har Vestnes Kommune no to spanande leiarstillingar. Kommunen søkjer dei som er glade i å leie andre, er strukturerte i arbeidsmetodikken og finn glede i å vere med å utvikle ein stor og viktig institusjon som vedkjem mange.

 

AVDELINGSLEIAR I EINING FOR AKTIVISERING OG MEISTRING

 

Vestnes kommune søkjer etter to stk. avdelingsleiarar med ansvar for kvar sine fagområder. Stillingane er 100 % faste stillingar

 

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Fagleg oppfølging, samt personal og økonomiansvar for ditt fagområde, medarbeidarar og brukarar
  • Koordinering av tenestene i bueiningane
  • Utarbeide turnusar for eigne bustadsområder
  • Ansvar for ajourhald og andre administrative rutinar
  • Sikre at drift samsvarar med kommunens intensjonar og gjeldande lovverk
  • Bidra i leiarteamet for utvikling på tvers av helseområda

 

Kven er det vi søkjer?

  • Vi ser etter deg som har 3 årig utdanning innan helse- og sosialfag.
  • Du har, eller ønsker å ta, vidareutdanning i leiing
  • Du har kunnskap om psykisk utviklingshemming, psykisk helse, og/eller rusproblematikk
  • Du er fleksibel og har endringsvilje
  • Du har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre tenesteområdet til Vestnes Kommune
  • Du har ein stor arbeidskapasitet, bør trivast i ein hektisk kvardag og kunne leie dine medarbeidarar med entusiasme og glede
  • Du bør óg kunne beherske IT-verktøy på ein god måte

 

Vestnes Kommune kan tilby støtte og utvikling gjennom eit tverrfagleg leiarteam. Du vil få gode og engasjerte leiarar som gir deg ansvar, men óg spelerom, til å utvikle dei beste tenestane til brukarane. Kommunen er ei IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid. Kommunen kan tilby ein spanande arbeidsplass med gode arbeidsforhold og eit sterkt fagleg miljø.

 

Ta kontakt med oss om du er nysgjerrig etter å vite meir om staden, arbeidsplassen eller oppgåvene. Vestnes Kommune ønsker deg velkomen til å søkje og ser fram til å høyre frå deg.

 

Vestnes Kommune nyttar rekrutteringsbyrået Manpower til å hjelpe seg med stillingane, og deira konsulentar vil kunne svare på spørsmål du måtte ha.

 

Om arbeidsgiveren


Manpower er Norges største og ledende bemanningsbyrå. Vi bemanner og rekrutterer til privat og offentlig sektor. Siden starten i 1965 har vi bistått med å få over en halv million mennesker i jobb, og hvert år er nærmere 20 000 dyktige mennesker i jobb gjennom oss, via rekruttering eller innleie. Solid erfaring, innovative og fleksible løsninger, samt DNV GL sertifiserte rådgivere gjør oss til den komplette leverandør for våre kunder. 



Manpower er sertifisert som Revidert Arbeidsgiver og sertifisert i henhold til ISO 9001:2015. Det bekrefter at Manpower etterlever sentrale prinsipper i arbeidsmiljøloven og opptrer som en seriøs og profesjonell arbeidsgiver www.manpower.no



 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
6390 Vestnes
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

Sykepleie, Rus og psykiatri, Botjenester, helseledelse, Kommunal ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Natvik
Telefon
90 75 78 14
Kontaktperson
Camilla Beate Botnen
Telefon
99 53 90 56
Følg firma
11438 følger dette firmaet

6390 Vestnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 217760001
Sist endret 24. mai 2021 04:33

Rapporter annonse