Utløpt

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
03.06.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

 

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. 

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2, har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå snarast.

Avdelingsleiar skal, saman med næraste overordna, som er einingsleiar, vera med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. 
Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester. 
Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast.
Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. 
Dette gjeld mellom anna ved ferieavvikling, sjukdom og andre variasjonar gjennom året.

Om interne søkjarar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig anna stilling for sjukepleiar i Pleie og omsorg.

Arbeidsstad
Pleie og omsorg, Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver
Ansvar for å planleggje og koordinere den daglege drifta etter gjeldande lov, reglar og avtaleverk, samt kommunen sine verdiar og målsetjingar.
Ansvar for dagleg drift innanfor gitt budsjett.
Personalansvar.
Samarbeid med andre i heimetenesta og pleie og omsorg, pårørande og øvrige samarbeidspartnarar.
Sikre at det vert gitt tenester som er fagleg og etisk forsvarlege.
Oppfølging av HMS-arbeid.
Bidra til kvalitetsutvikling.

Kvalifikasjonar
3-årig helse- eller sosialfagleg bachelor utdanning, fortrinnsvis sjukepleiar.
Norsk autorisasjon.
Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing, samt erfaring med endring, omstilling og forbetringsarbeid.
Gode IKT-kunnskapar.
God kjennskap til og erfaring med aktuelt lov og avtaleverk.
Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk - på høgare nivå).
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

 Eigenskapar

Faglege og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi søkjer ein dyktig leiar som:
- Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform.
- Er tydeleg, fleksibel og engasjert.
- Er positiv til endring og omstilling.
- Skapar gode relasjonar internt og eksternt og har gode samarbeidsevner.
- Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Løn etter gjeldande avtalar, med arbeidstid på dagtid.
  • Gode høve til å vera med å påverke og utforme ei viktig og spanande teneste.
  • Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Leitet 22, 5649 Eikelandsosen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

avdelingsleder, sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Edith Oma
Telefon
56 58 02 14
Følg firma
335 følger dette firmaet

Leitet 22, 5649 Eikelandsosen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 217678968
Sist endret 19. mai 2021 15:44

Rapporter annonse