Utløpt

Ål kommune søker ny leiar til Ål kulturhus - kom og inspirer oss!

Arbeidsgiver
Ål kommune
Stillingstittel
Kulturhusleiar
Frist
30.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Ål kulturhus er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset har i alt tre amfisalar og er ein stor aktør på kino, scenearrangement, seminar og møteverksemd. Kulturhuset har rundt 30.000 besøkande på kino og scenearrangement i eit normalt år, og vi ønskjer å levere høg kvalitet på alt vi gjer. Den store, nye satsinga på huset er SPRANG, ei nasjonal scene for produksjon og formidling av dans. Kulturskulen, biblioteket, frivilligsentralen, innvandrartenesta og vaksenopplæringa held også til på huset, det same gjer Nesch-museet og Galleri Syningen. Me søker leiar for kulturhuset. Du er utviklingsorientert, har brei kulturfagleg forståing og god leiarkompetanse.


Ål kommune søker deg som er kulturelt nysgjerrig og uredd – kom og inspirer oss!


SENTRALE ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Fylle huset med aktivitet ved å planlegge, koordinere og gjennomføre arrangement
  • Nyskapande samarbeid rundt kreativ næringsutvikling for kulturhuset
  • Overordna kunstnarleg, økonomisk og administrativt ansvar for Ål kulturhus
  • Skape gode møteplassar for profesjonelle og frivillige aktørar i kulturlivet
  • Vidareutvikle vertskapsrollen for besøkande, publikum og artistar
  • Personalansvar


KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgare utdanning og/eller relevant arbeidserfaring
  • Relevant fagbakgrunn: Kulturfagleg, marknadsføring og/eller kreativ næringsutvikling
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå prosjektleiing og publikumsutvikling


PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Du må vera ein lagbyggar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Nyskapande og utviklingsorientert
  • Skape, bygge og ta vare på gode relasjonar, internt og eksternt
  • Evne til å motivere og inspirere
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert


ÅL KOMMUNE TILBYR:

  • Du får vera med å skape magiske augeblikk
  • Sentral og spanande jobb i Hallingdal
  • Kreativt og godt arbeidsmiljø
  • Kompetente og motiverte medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ål kommune driftar Ål kulturhus og leiar rapporterer til kultursjef.
  • Ål kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
  • Ål kommune tilbyr lønn etter avtale og god pensjonsordning i KLP


Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Bransje
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne,
Musikk
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

leder, leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde L. Bjørnsvik
Stillingstittel
Kultursjef
Mobil
959 44 968
Følg firma
23 følger dette firmaet

Torget 1, 3570 Ål

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 217628964
Sist endret 17. jun. 2021 11:04

Rapporter annonse