Utløpt

Tenesteleiar for teknisk drift

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Tenesteleiar for teknisk drift
Frist
27.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Øystre Slidre kommune søkjer etter tenesteleiar for teknisk drift. 

Arbeidsoppgåver

Teknisk drift har ansvar for planlegging, utbygging og drift av kommunale bygg,  vatn- og avløpsanlegg, vegar og friområde, stiar- og løyper m.v. Vi har for tida mange utbyggingsprosjekt særleg innan vatn og avløp, og forvaltning og drift av den kommunale bygningsmassen er eit viktig ansvarsområde for tenesteeininga.

Kvalifikasjonar

- relevant og høgare utdanning
- praksis frå eller kjennskap til områda byggforvaltning eller vatn og avløp
- god evne til å planlegge og gjennomføre utbyggingsprosjekt
- god evne til å nå mål og oppnår resultat

Personlege eigenskapar

- gode samarbeidsevne
- god sørvisinnstilling overfor heil- og deltidsinnbyggane
- kjennskap til lov om offentlege innkjøp
- god skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

- ei spanande og utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
- godt arbeidsmiljø
- positive og flinke medarbeidarar
- konkurransedyktig lønn
- gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?



Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen.


Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar.
Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Aanestad
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
99 16 59 35
Følg firma
21 følger dette firmaet

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Annonseinformasjon

FINN-kode 217627227
Sist endret 6. mai 2021 10:08

Rapporter annonse