Utløpt

Kulturdepartementet søkjer direktør til Språkrådet

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Direktør til Språkrådet
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Kulturdepartementet
Om stillinga

Kulturdepartementet søkjer ein språkfagleg sterk person med relevant leiarerfaring og god forvaltningskunnskap til å leie Språkrådet. Språkrådet har ei sentral rolle i oppfølging av språklova og språkmeldinga som Stortinget vedtok våren 2021.

Du skal drive arbeidet med å utvikle Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språksaker, og sørgje for at verksemda er pådrivar for å nå dei sektorovergripande måla i språkpolitikken.


Arbeidsoppgåver
  • leie arbeidet i Språkrådet, fagleg, administrativt og økonomisk
  • prioritere, organisere og utvikle arbeidet i verksemda
  • vidareutvikle Språkrådet som forvaltningsorgan og fagorgan
  • sikre god kontakt og samarbeid mellom Språkrådet og relevante offentlege og private aktørar
  • bidra til å rettleie og spreie kunnskap om språk og språkpolitikk til offentleg og privat sektor og det allmenne publikummet
  • sikre at tilgjengelege ressursar blir brukt på ein effektiv måte

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • språkfagleg eller anna relevant utdanning på høgare nivå (minimum masternivå)
  • relevant leiarerfaring og solid språkfagleg kunnskap
  • god rolle- og organisasjonsforståing
  • erfaring frå arbeid med språkpolitikk
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning og forståing for politiske prosessar
  • god skriftleg og munnleg framstillings- og formidlingsevne, på begge dei norske skriftspråka
  • vere personleg eigna

Du må ha evne til å prioritere og peike ut strategisk retning og gjennomføre tiltak i det språkpolitiske arbeidet, i samråd med styret og departementet. 

Du er ein god formidlar av språkfaglege og språkpolitiske spørsmål og kva samfunnsrolle Språkrådet har, i kommunikasjon både med offentlege og private samarbeidspartnarar og aktørar, i media og med det allmenne publikummet. Du må kunne representere Språkrådet i ulike samanhengar, både nasjonalt og internasjonalt gjennom møte, debattar, foredrag og i media.

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for å bidra til at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.


Vi tilbyr
  • utfordrande oppgåver med moglegheit til  påverke den framtidige språksituasjonen i Noreg
  • eit sterkt språkfagleg miljø med kunnskapsrike medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår

 

Stillinga er eit åremål på seks år og tek til frå 01.12.2021. Perioden kan forlengast ein gong med ytterlegare seks år.

Stillinga vert løna mellom kr. 1 065 400 og kr. 1 225 900. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.

Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).  

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine. 

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Steinar Lien på telefon 22 24 78 20 eller mobil 954 24 004.


Om arbeidsgiveren

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språksaker. Språkrådet blir leia av eit styre oppnemnt av Kulturdepartementet. Direktøren har ansvar for den daglege leiinga av Språkrådet. Verksemda har 36 tilsette og kontor sentralt i Oslo, eit driftsbudsjett på om lag 43 mill. kroner i 2021 og forvaltar tilskotsmidlar for vel 42 mill. kroner. Mål og rammer for verksemda følgjer av språklova, vedtekter fastsett av Kulturdepartementet, dei årlege tildelingsbreva og departementets instruks om økonomi- og verksemdsstyring.

Språkrådet skal gjennom målretta aktivitetar fremje norsk språks status og bruk på utsette samfunnsområde. Språkrådet skal bidra til å verne og fremje norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka. Språkrådet forvaltar dei offisielle skriftnormalane for nynorsk og bokmål, gir råd og rettleiing om oppfølging av språklova og stadnamnlova og fører tilsyn med korleis det offentlege etterlever pliktreglane i mållova/språklova. Språkrådet er stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn.

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
797 følger dette firmaet

Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 217618244
Sist endret 7. mai 2021 14:03

Rapporter annonse