Utløpt

Kontraktsansvarleg/Byggeleiar Tunell Sotrasambandet

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontraktsansvarleg/Byggeleiar Tunell
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

Statens vegvesen, Utbygging, har ledig stilling som kontraktsansvarleg/byggjeleiar for tunell på Sotrasambandet. Arbeidsgivar søkjer etter ein person med kompetanse og erfaring innan tekniske fag og gjerne bygging av tunell eller veg, samt oppfølging av kontraktar som vil vere hoveddelen av arbeidet.


Arbeidsoppgåver
  • Ta del i utarbeiding av konkurransegrunnlag og innkjøpsprosess.
  • Følge opp OPS-selskapet innan tunell driving og tekniske leveransar i kontraktsperioden.
  • Ansvar for gjennomføring av avklaringsmøte i kontraktsforhold med OPS selskapet.
  • Følge opp tekniske løysingar innan tunell.
  • Avklare og svare på avklaringsspørsmål frå leverandøren i prosjektering- og byggefasen.
  • Koordinering med andre faggrupper og tekniske etatar.
  • Ansvar for krav og oppfølging av teknisk kvalitet.

Kvalifikasjonskrav
  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 3 år
  • Minimum 8 - 10 års erfaring med relevant fagkrins.
  • Du må ha førarkort klasse B

 

Vi vektlegg

  • Gode leiareigenskapar og evner til samarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og at du er etterretteleg
  • Fleksibel, initiativrik og løysingsorientert tilnærming
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • At du er strukturert og evnar å følgje opp entreprenør og rådgivarar i detalj når dette er nødvendig

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)


Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studium og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med lønspolitikken vår.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene, kan du kontakte prosjektleiar Arve Tjønn Rinde på mobil 93 03 18 74.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil vere førande i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og held vedlike riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg og ved å utvikle tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester, sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

 

Sotrasambandet er eit prosjekt som skal sikre gode og effektive kommunikasjonstilhøve til bysentrum, bydelar og til transportknutepunkt for sentralt hovudvegnett, stamvegnett, jernbane, sjø- og lufttransport.

Bygging av nytt Sotrasamband vert gjennomført som OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid). Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune

Prosjektet har i dag 35 tilsette som i kvar sin rolle skal sikre framdrift og resultat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Prosjektledelse
Følg firma
4085 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217431678
Sist endret 4. mai 2021 16:26

Rapporter annonse