Utløpt

Avdelingssjef

Arbeidsgiver
Mattilsynet
Stillingstittel
Avdelingssjef Nordfjord
Frist
20.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet

Mattilsynet arbeider for eit samfunn kor maten er trygg og dyra har det godt. Vil du vere med oss å jobbe mot denne visjonen? Er du ein leiar som ser heilskapen og vert motivert av å utvikle engasjerte og kompetente medarbeidare, og som får energi av å legge til rette for kontinuerleg forbetring og har god organisasjonsforståing? Då kan dette vere stillinga for deg. 

Avdeling Nordfjord har 16 tilsette, med kontorstadar i Måløy og Loen. Avdelinga er ein del av Region Sør og Vest som omfatta fylka Vestland, Rogaland og Agder. Avdelinga fører tilsyn med dei fleste fagområda Mattilsynet har i sin portefølge som animalsk, plantebasert og marin næringsmiddel- og råstoffproduksjon, tilhøyrande primærproduksjon, grensekontroll og detaljomsetning/servering. Som avdelingssjef er du ein del av leiargruppa i regionen og rapporterer til regiondirektøren. Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon som krev fleksibilitet og rask handtering av hendingar.  

Arbeidsoppgåver

Ansvar for å leie arbeidet , motivere og følgje opp dei tilsette i avdelinga. 

Ha god oversikt over avdelinga sin portefølje på rettleiing og tilsyn. Ansvar for at avdelinga når dei måla som er sett. 

Prioritere og følgje opp utviklingsarbeid for tilsyn og sakshandsaming. Utvikle avdelinga for å møte nye utfordringar.

Byggje gode relasjonar med nærings- og interesseorganisasjonar, andre offentlege myndigheiter og dei vi fører tilsyn med.

Aktiv og tydelig kommunikasjon internt, eksternt og gjennom media. 

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne innan eitt av Mattilsynet sine ansvarsområde.

Du har erfaring med å leie medarbeidare med høg fagkompetanse, gjerne frå offentleg forvaltning. 

Du kommuniserer svært godt på norsk, både nynorsk og bokmål, og er oppteken av å bruke eit klart språk. 

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.  

Du identifiserer deg med våre verdiar: åpen, raus, engasjert og reieleg.  

Du har førarkort klasse B. 

Personlege eigenskapar

Du tenkjer langsiktig og har god samfunns- og rolleforståing.
Du har evne til å leie medarbeidare i utviklingsprosessar og er resultatorientert.
Du skaper retning, bygger gode relasjonar og lagånd i avdelinga gjennom tydelig leiing.

Du motivere og utviklar andre, og legg til rette for kunnskapsdeling og samhandling.
Du forstår raskt komplekse spørsmål og gjer gode og rasjonelle vurderingar.

Vi tilbyr

Eit spanande og meiningsfylt samfunnsoppdrag som har stor offentleg interesse.

Kompetente og engasjerte medarbeidare.  

Du får vere med å utvikle leiargruppa i regionen i ei tid med spennande omstilling.  

Løn som avdelingssjef, med startløn frå kr 750.000, avhengig av kvalifikasjonar og kompetanse. 

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen. 

 

Slik søkjer du

Søknaden vert berre motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.

Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Om arbeidsgiveren

Mattilsynet skal bidra til trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no


Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hjå oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar i kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi brukar berre avkryssingane til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Nordfjordvegen 9252, 6718 Deknepollen
Bransje
Annet

Nøkkelord

ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karen Johanne Baalsrud
Stillingstittel
Fungerende regiondirektør, Mattilsynet
Telefon
22 77 84 41
Følg firma
1280 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9252, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 217411829
Sist endret 4. mai 2021 13:50

Rapporter annonse