Utløpt

Er du prosjektsjefen som ønskjer nye utfordringar?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Prosjektsjef E16 Arna-Stanghelle
Frist
24.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

I Utbyggingsdivisjonen, i område Vest, er det ledig stilling som prosjektsjef for fellesprosjektet E16 Arna - Stanghelle og Vossebanen. Fellesprosjektet er saman med Bane NOR og underlagt gjennomførings-ansvar til Statens vegvesen Utbyggingsdivisjonen.

E16 Arna - Stanghelle og Vossebanen omfattar bygging av veg og bane mellom Arna i Bergen kommune og Stanghelle i Vaksdal kommune på rundt 28 km. Det meste av strekninga går i fjell, og med ei løysing der veg og bane går parallelt med felles rømmingssystem.

Er du prosjektsjefen som ønskjer nye utfordringar og vil vere med å gjennomføre dette spennande prosjektet?

Kontorstad vil bli etablert på strekninga mellom Arna og Stanghelle.

Prioritet på gjennomføring vil vera knytt til løyvingar gjennom Statsbudsjettet.


Arbeidsoppgåver

Du har det overordna ansvaret for både veg og jarnbane der arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande i eit sterkt fagmiljø. Prosjektsjefen har personalansvar, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg.

Du skal leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers av fellesprosjektet.

Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke i eit fellesprosjekt
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til det som skal leverast til ei kvar tid
  • er god til å samhandle med eksterne organisasjonar og media på ein positiv måte for prosjektet, Statens vegvesen og Bane NOR
  • er resultatorientert og oppteken av å nå prosjektet sine målsetnader
  • innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartnarar
  • kan byggje ein god organisasjon rundt deg saman med dine overordna

Kvalifikasjonskrav
  • Minimum 5 år ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule
  • Minimum 5 års relevant erfaring, inkludert leiar- og prosjekterfaring
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du har førarkort klasse B
  • Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast

 

Vi vektlegg

  • at du har god fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt
  • at du er godt kjent med rolla ein byggherre og kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
  • god kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjent med handtering av å få arbeid utført etter kontrakt
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • at du har tilsvarande leiarerfaring frå store prosjektorganisasjonar

 

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)


Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte  prosjektdirektør Kjartan Hove på mobil 90110586.

Søk stillingen på www.vegvesen.no/jobb innen 24.05.2021.

Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på tlf. 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ledelse,
Prosjektledelse
Følg firma
1670 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 217259105
Sist endret 3. mai 2021 09:55

Rapporter annonse