Administrativ Team Leiar
- Arbeidsgiver
- UWC Red Cross Nordic
- Stillingstittel
- Adminitrativ team leiar
- Frist
- 18.05.2021
- Ansettelsesform
- PERMANENT
Vi søkjer ein engasjert og ambisiøs Administrativ team leiar (engelsk – Admin Team Leader) i 100% stilling som vil ha ansvar for selskapet sin HR- og internkontroll-funksjon og tilsette i administrative funksjonar som resepsjon, transport og booking og bibliotek.
HR- og internkontroll er ny som eigen funksjon og det er viktig at du har erfaring med og likar å jobbe med tilsette i organisasjonen. Du får ei sentrale rolle i lag med tilsette med leiarfunksjonar i å legge forholda til rette for at dei tilsette trivast godt i sine roller. Det betyr at gode kommunikasjonsevner og evner til å innføre nye rutinar og å sørge for at eksisterande rutinar blir følgt, blir viktig.
Skulen vil jobbe med mange spanande utviklingsprosjekt i dei kommande åra. Som leiar med ansvar for HR og HMS, vil du få ei sentral rolle i selskapet sitt arbeid med å utvikle kultur og arbeidsmiljø i selskapa og bidra til at vi til ei kvar tid har personalressursar med rett kompetanse og kvalifikasjonar.
Skulen nyttar engelsk og norsk som språk i intern og ekstern kommunikasjon, og det er eit krav om at du har særs god framstillingevne i begge språka. Det er og viktig at du har evne til å ta del i og møte utfordringar i eit miljø med stort kulturelt mangfald.
Stillinga rapporterer til COO (Chief Operating Officer) og vil vere del av ei leiargruppe med representantar frå administrasjonen, utdanningsfaga og UWC Connect AS .
Vi ynskjer søkjarar med utdanning på høgskulenivå og som har erfaring innan HR, HMS- og interkontroll, økonomi og administrasjon.
Vi kan tilby konkurransedyktig løn, gode velferdstilbod og hjelpe til med å skaffe bustad.
Er du nysgjerrige på å jobbe i ein organisasjon med stort kulturet mangfald så sjekk ut meir informasjon om stillinga på nettsida vår https://uwcrcn.no/about-us-2/vacancies/
For spørsmål om stillinga, kontakt gjerne COO, Ola Hovland på tlf 958 94 683
Om arbeidsgiveren
UWC Red Cross Nordic, er ein to-årig internatskule for 200 elevar i aldren 16-19 år som kjem frå meir enn 90 ulike nasjonar. Alle elevane føl studieprogrammet International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen er forankra i norske veridar og legg vekt på miljøspørsmål, humanitært arbeid og friluftliv.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke
- Bransje
- Barn, skole og undervisning,
- HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon
- HMS,
- HR, personal og rekruttering,
- Økonomi og regnskap
Nøkkelord
ledelse, utviklingsprosesser
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ola Hovland
- Stillingstittel
- COO
- Mobil
- 95 89 46 83
Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke