Utløpt

KOMMUNEDIREKTØR

Arbeidsgiver
Aukra kommune
Stillingstittel
KOMMUNEDIREKTØR
Frist
18.05.2021
Ansettelsesform
Fast

 

Vi ønsker ein kommunedirektør som har god rolleforståing og er ein kulturbyggjar som skaper stoltheit og stabilitet i organisasjonen. 

 

Du skal leie ein kommune med 450 tilsette og skal motivere og delegere ansvar slik at det skaper god samhandling på tvers av einingar. Kommunedirektøren evnar å vidareutvikle felles mål og arbeider for eit godt samspel mellom administrasjon, tillitsvalde, politikk, innbyggjarar og næringsliv. 

 

 

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Vidareutvikle organisasjonen gjennom strategisk leiing og organisasjonskultur med tydelege leiarroller, høg kompetanse og gode haldningar 
  • God og langsiktig økonomistyring og forvaltning 
  • Utvikle ein framtidsretta HR-strategi som gir langsiktig rekruttering, kompetansebygging og utvikling med tilfredse medarbeidarar 
  • Vidareutvikle strategiar for samfunns- og næringsutvikling både kommunalt og gjennom regionalt samarbeid
  • Vere ein pådrivar i prosessar innanfor endring og digitalisering
  • Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
  • Sikre god kommunikasjon og service til innbyggjarane

 

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søker deg som har relevant høgare utdanning og leiarerfaring, gjerne frå kommune/fylkeskommune. Du må kunne dokumentere gode resultat som leiar og evne å motivere organisasjonen mot felles mål. Du har god rolleforståing og respekt for formelle prosessar i politisk styrte organisasjonar.

Det vert lagt vekt på ansvarlegheit og lojalitet, saman med god økonomisk forståing og analytiske evner. 

 

Som person og leiar er du trygg, tydeleg og vennleg, med strategiske evner og god heilskapleg forståing. Du er målretta og resultatorientert, med sterk gjennomføringskraft og stor arbeidskapasitet. Du trivast i rolla som kultur- og teambyggjar og skape begeistring, motivasjon og Vi-kjensle , både i forhold til eigen organisasjon og politisk leiing.

 

Det vert lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, god relasjonsbygging på alle nivå, og kunnskap og ferdigheiter om godt partssamarbeid. 


Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

 

Vi tilbyr

Vi kan tilby ein spanande og krevjande toppleiarjobb i ein kommune med mange moglegheiter.

 

Arbeidsmiljøet er godt med dyktige og dedikerte kollegaer, gode forsikringsordningar og gode lønns- og pensjonsvilkår. 

 

 

Interesserte kan ta uforpliktande kontakt med ordførar Odd Jørgen Nilssen mob. 41 63 08 40 eller FREMO rekruttering ved Jorunn Løseth mob. 907 90 311 eller Hege Svendsen mob. 905 87 920. 

All kontakt til FREMO vil bli behandla konfidensielt, også ovanfor oppdragsgivar i innleiande fase om ønskeleg.


 

Søknadsfrist: 18. mai


 

Søknad til stillinga skjer elektronisk via FREMO sin søknadsportal på fremobemanning.no eller Finn.no


 

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.



Om arbeidsgiveren

Aukra kommune er ein kystkommune med ca. 3 600 innbyggjarar fordelt på øy og fastlandsdel. Aukra kommune sin visjon er Full av energi og kommunen har følgjande verdiar: Attraktiv – Uredd – Kvalitet – Raus - Arbeidsglede . Kommunen leverer gode kommunale tenester til innbyggjarane i alle livsfasar, og er ein kommune med fokus på trivsel, kultur og natur. Som kommunedirektør i Aukra kommune vil du ha ei sentral rolle i vidareutvikling av lokalsamfunnet, kommunen sin organisasjon og tenestetilbodet til innbyggjarane. Kommunen søker ein nytenkande og løysingsorientert leiar med stor gjennomføringskraft. 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Bransje
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

kommunedirektør, ledelse, strategi, økonomistyring, forvaltning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jorunn Løseth
Stillingstittel
Seniorrådgiver/sertifisert rekrutterer DNV-GL, FREMO
Telefon
90 79 03 11
Kontaktperson
Hege Svendsen
Stillingstittel
Daglig leder og sertifisert rekrutterer, FREMO
Telefon
90 58 79 20
Følg firma
753 følger dette firmaet

Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Annonseinformasjon

FINN-kode 216640051
Sist endret 6. mai 2021 10:55

Rapporter annonse