Utløpt

Økonomisjef Luster Sparebank

Arbeidsgiver
Luster Sparebank
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
05.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Luster Sparebank

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.

Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er "Saman når me måla dine" og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er "Personleg, Ansvarleg og Kompetent".

Stillinga som økonomisjef får ein sentral rolle i den vidare utviklinga av banken og blir ein del av leiargruppa. Mellom anna god risikostyring, likviditetsstyring og etterleving av krav frå styresmaktene vil vere viktig for at banken skal lukkast med sine mål.

 

Arbeidsoppgåver

·        Overordna ansvar for rekneskap, økonomirapportering, analyse og budsjett

·        Likviditetsstyring

·        Risikostyring og internkontroll

·        Ansvar for å sikre god intern drift på avdelinga

·        Dagleg leiing og personalansvar for dei tilsette på avdelinga

·        Kvitvaskingsansvarleg

·        Ansvarleg for løn og pensjon


 Ynskjelege kvalifikasjonar

·        Høgare utdanning

·        Leiarerfaring

·        Relevant arbeidserfaring

·        Gode kunnskapar i bruk av relevant IT-verktøy og digitale løysingar

 

Personlege eigenskapar

Til denne stillinga søkjer me etter ein initiativrik og sjølvstendig person med god økonomisk forståing og analytiske evner, som jobbar nøyaktig og systematisk.

Du må vere løysingsorientert og god til å kommunisere, og i tillegg ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

 

Me kan tilby

Spanande og varierte oppgåver, som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.

Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.

Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.


Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå Banksjef, Oddstein Haugen, tlf. 57 68 23 23 eller mobil 469 70 723.


Om arbeidsgiveren

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er "Saman når me måla dine" og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er "Personleg, Ansvarleg og Kompetent".

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Øyagata 2, 6868 Gaupne
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

økonomisjef

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddstein Haugen
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
57 68 23 23
Mobil
46 97 07 23
Følg firma
1 følger dette firmaet

Øyagata 2, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 215179891
Sist endret 28. mai 2021 15:16

Rapporter annonse