Utløpt

I nyoppretta stilling treng vi deg som erfaren og ambisiøs leiar

Arbeidsgiver
Vik Ørsta AS
Stillingstittel
Driftsdirektør (COO)
Frist
25.04.2021
Ansettelsesform
Fast

I nyoppretta stilling som driftsdirektør treng vi deg som erfaren og ambisiøs leiar for den operasjonelle drifta. Stillinga rapporterer til administrerande direktør og har ein naturleg plass i leiargruppa. Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, og stillinga vil også i ein matriseorganisasjon rapportere til COO Saferoad.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for HMS/KS
  • Ansvarleg for den operasjonelle drifta av våre tre fabrikkar i Ørsta og Vik i Sogn
  • Styre og koordinere produksjon, innkjøp og logistikk optimalt
  • Leie og drive forbetringsprosjekt, vidareføre LEAN-prosessar i produksjon og logistikk

Kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Du har høgare relevant utdanning
  • Du har allsidig og brei leiarerfaring, gjerne frå industri
  • Du har erfaring frå forbetringsarbeid og arbeid med LEAN-prosessar
  • Du er klar og tydeleg, men samtidig omgjengeleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er analytisk, strukturert og sjølvgåande
  • Du trivast med mange ballar i lufta og er god til å prioritere
  • Du har høg kapasitet og gjennomføringskraft

Kva vi kan tilby:

  • Ei sjølvstendig og sentral rolle med varierte arbeidsoppgåver
  • Engasjerte og dyktige kollegaer som brenn for å gjere livet på vegen tryggare
  • Kort veg frå avgjersle til gjennomføring
  • Arbeidsmiljø med høgt tempo og godt samhald

Arbeidsstad Ørsta.

Om arbeidsgiveren

Vik Ørsta er leiande leverandør av lysmast, bergsikring, marinaanlegg og veg- og brurekkverk. Med historie heilt frå 1947 kjenner vi bransjen godt og vil vere med på å gjere livet på vegen tryggare også i framtida. Vi er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
6150 Ørsta
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Nesset
Stillingstittel
Administrerande direktør
Mobil
91 16 79 21
Følg firma
26 følger dette firmaet

6150 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 214243976
Sist endret 21. mai 2021 08:08

Rapporter annonse