Utløpt

Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design
Frist
30.04.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig stilling som dekan (åremålstilsetting) for perioden 01.08.21 til 31.07.2025

Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) driv utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid, vitskapeleg forsking og formidling. Fakultetet utdannar framtidas kunstnarar, designarar, utøvande musikarar, komponistar, musikkterapeutar, musikkvitarar, kuratorar, musikk- og kunstpedagogar.

Fakultetet har ca 200 tilsette, fordelt på tre institutt og sentraliserte tenester på fakultetsnivå. Fakultetet har ca 620 studentar fordelt på bachelor- og masternivå og 25 ph.d. kandidatar. Totalbudsjettet til fakultetet er i 2020 på om lag 190 millionar. For nærare informasjon om KMD sjå (https://kmd.uib.no/no/forside).

Dekanen er den øvste leiaren ved fakultetet med ansvar for fakultetet si samla verksemd og representerer fakultetet eksternt. Dekanen rapporterer til rektor og er med i rektor si leiargruppa. Dekanen er ansvarleg for fakultetet si samla ressursforvaltning, har budsjettansvar og det overordna HMS-ansvaret for fakultet sine tilsette.


Arbeidsoppgåver:
  • utvikle og implementere fakultet si verksemd i tråd med UiB sin strategi
  • bidra i det strategiske arbeidet ved universitetet og sørgje for at fakultetet har oppdaterte strategiar og handlingsplanar
  • leie og utvikle den samla verksemda ved fakultetet med vekt på kvalitet i undervisning, kunstnarisk utviklingsarbeid, vitskapleg forsking, formidling og innovasjon
  • vere sekretær for fakultetsstyret og førebu saker i samråd med ekstern styreleiar
  • vidareutvikle ein positiv organisasjonskultur og struktur som stimulerer til eit inspirerande og godt arbeidsmiljø for alle tilsette
  • ha god kontakt med instituttleiar og fagmiljøa ved fakultetet
  • representere arbeidsgjevar, sikre involverande prosesser og ivareta medbestemming
  • fremje mangfold, likestilling og inkludering
  • sørgje for at tekniske og administrative tenester er tilpassa kjerneverksemda og effektiv drift
  • fremje internt og eksternt samarbeid

KMD søkjer ein person som har:
  • Leiarerfaring frå universitets- og høgskulesektoren og overordna innsikt i sektorens strategiske utfordringar
  • Dokumenterte resultat frå sitt leiarskap
  • Kompetanse på professornivå innanfor eit av fagområda ved fakultetet
  • Erfaring frå økonomistyring
  • Ein inkluderande og tydeleg leiarstil prega av dialog

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Dekanen vert tilsett i åremål i fire år, frå 1. august 2021 eller etter avtale. Stillinga er plassert i kode 1474 - dekan. Løna vert fastsett etter avtale.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, tlf. nr. 55 58 20 02, mobil nr. 416 19 662, HR-direktør Sonja Dyrkorn, tlf. nr. 55 58 28 08, mobil nr. 481 62 687.

Om den som vert tilsett er ein ekstern søkjar, vil vedkomande bli vurdert for tilsetjing som professor i fagområdet sitt etter at åremålsperioden som dekan er ute.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Professor/Førsteamanuensis,
Utøvende kunst
Følg firma
695 følger dette firmaet

Møllendalsveien 61, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 214240181
Sist endret 9. apr. 2021 00:00

Rapporter annonse