Utløpt

Instituttleiar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi
Frist
01.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=JRdMR-PhbBQ&t=4s (https://www.youtube.com/watch?v=JRdMR-PhbBQ&t=4s)


Instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (4 år) som instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi (https://www.uib.no/odontologi), frå 1.8.2021.

Institutt for klinisk odontologi er eitt av fem institutt ved fakultetet. Instituttet driv forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar og tannpleiarar, i tillegg til spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Instituttet har óg ein odontologisk universitetsklinikk som består av studentklinikk og spesialistutdanningsklinikk. Odontologisk universitetsklinikk er ein integrert del av instituttet, med 146 tannlegestolar for pasientbehandling, i tillegg til eit øvingslaboratorium med avansert opplæringsutstyr. Odontologisk universitetsklinikk behandlar omlag 400 pasientar dagleg og er ein stor arena for klinisk odontologisk forsking.

Instituttet har om lag 198 tilsette fordelt på 179 årsverk, med 31 personar i vitskaplege hovudstillingar. Av dei 179 årsverka er 143 årsverk på universitetsklinikken. Samla budsjett ligg på 125 millionar kroner. Instituttadministrasjonen består av 11 personar og gjev administrativ støtte til fagmiljø innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.

Instituttet driv grunnforsking, klinisk- og epidemiologisk forsking i samarbeid med andre universitetsmiljø og Den offentlege tannhelsetenesta, og har eit moderne og velutstyrt forskingslaboratorium. Instituttet driv også rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå og har viktige oppgåver innan odontologi, mastergrads- og doktorgradsutdanning.


Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er følgjande:
  • utøve leiarskap i tråd med fakultetet sin strategi, leggje til rette for og stimulere til gode, innovative forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, dertil å inspirere og motivere tilsette og studentar til fagleg utvikling
  • bidra til fakultetet sine strategiar og sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar for instituttet si verksemd og sørgje for at ressursar ved instituttet vert nytta i samsvar med desse
  • sørgje for veleigna teknisk-administrative tenester og for effektiv drift av verksemda
  • yte sitt til at instituttet har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer, og leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av oppdrag, i tillegg til å sikre fullfinansiering av denne verksemda
  • bidra til utvikling av en positiv organisasjonskultur, legge til rette for effektiv og hensiktsmessig organisering av instituttet
  • fremje eksternt og internt samarbeid
  • utøve personalansvar for tilsette ved instituttet, ta i bruk relevante leiingsverktøy, og ha ansvar for resultat innan utdanning, forsking, forskarutdanning, økonomistyring, administrasjon og formidling
  • arbeide målretta for ein betra kjønnsbalanse i dei vitskaplege stillingane ved instituttet

Vi søkjer instituttleiar som:
  • har leiande fagleg kompetanse innan eit eller fleire av dei fagfelt som instituttet har eit særleg ansvar for
  • har erfaring med å leie fagleg verksemd innan universitetssektoren og som kan vise til oppnådde resultat
  • har erfaring fra strategisk arbeid, personalledelse og administrasjon
  • er framståande forskar med relevant kompetanse på minst førsteamanuensisnivå
  • har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
  • har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB (https://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.2-Regler-om-tilsetting/Regler-for-vurdering-av-utdanningsfaglig-kompetanse-ved-UiB/). Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring (https://www.uib.no/med/enhetforl%C3%A6ring), Det medisinske fakultet
  • undervisningsspråket er til vanleg norsk. Den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk

Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eigen forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskings- og undervisningsaktivitet.

Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe.

Informasjon om instituttet og fakultetet kan du finne på Universitetet i Bergen sin eksternweb: https://www.uib.no/med (https://www.uib.no/med)


Vi tilbyr:
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • instituttleiar vert lønt etter lønssteg 88-91 (kode 1475) i lønsregulativet til staten, for tida 1 019 400 - 1 088 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, 2 % trekk av løna til Statens pensjonskasse (inntil 12 G), for særleg kvalifisert søkjar kan høgre løn verte vurdert
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Til instituttleiarstillinga er det òg knytt midlar til ei stipendiat- eller ei postdoktorstilling.


Søknaden skal innehalde:
  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå utfyllande informasjon på Eining for læring (https://www.uib.no/med/enhetforl%C3%A6ring/132056/pedagogisk-kompetanse-vitenskapelig-ansatte-faq#hvem-gjelder-kravet-for-)
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Interesserte kan kontakte dekan Per Bakke, telefon 55 58 20 87/992 04 032, e-post per.bakke@uib.no eller fakultetsdirektør Heidi Annette Espedal, telefon 55 58 65 55, e-post: heidi.annette.espedal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 213913563
Sist endret 6. apr. 2021 13:30

Rapporter annonse