Utløpt

Leiar nasjonale legemiddelberedskapslager

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Leiar nasjonale legemiddelberedskapslager
Frist
25.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Helse Vest og Sjukehusapoteka Vest ivaretek oppgåve med å bygge opp nasjonale legemiddelberedskapslager for primær- og spesialisthelsetenesta. Nasjonale legemiddelberedskapslager er eit viktig tiltak for å sikre tilgang på viktige legemiddel i Norge. Samla verdi for ferdig oppbygd lager er på 1,6 mrdNOK. Vidareutvikling og permanent organisering av nasjonale legemiddelberedskapslager vil skje i nært samarbeid med regionhelseføretaka, dei andre sjukehusføretaka og Helsedirektoratet.

Stilling som leiar for nasjonale legemiddelberedskapslager er lagt til fagavdelinga/føretaksadministrasjonen i Sjukehusapoteka Vest i Bergen, og rapporterar til fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest. Stillinga vil og vere del av sjukehusapotekføretaka sin felles grossistadministrasjon (GA) frå 1.1.2022.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere arbeid med oppbygging og forvalting av nasjonale legemiddelberedskapslager, og overføre aktuelle oppgåver frå prosjekt til permanent organisering
  • Ta aktivt del i arbeid med oppbygging og forvalting av lager
  • Nært samarbeid med sjukehusapotekføretaka sin grossistadministrasjon om samordning av alle legemiddelberedskapslager for spesialisthelsetenesta
  • Nært samarbeid med Sykehusinnkjøp HF, divisjon legemidler, om innkjøp av legemidler til beredskapslager for spesialisthelsetenesta
  • Oppfølging av avtaler om beredskapslagring med legemiddelgrossistane
  • Forankre samansetting og oppbygging av beredskapslager hos interesseparter
  • Sakshandsaming for prosjektstyre og føretaksleiing
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer deg som er farmasøyt og har leiarerfaring
  • Erfaring med grossistverksemd og/eller legemiddelberedskap, lagerhald og distribusjon av legemiddel til profesjonelle sluttbrukarar
  • Erfaring frå prosjekt- og avtalearbeid er ønskjeleg
  • God IKT-kompetanse og systemforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Interesse for og ønskje om å utvikle eigne leiareigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Systematisk, strukturert og løysingsorientert
  • Du er analytisk og kan gjere gode vurderingar for å finne løysing på komplekse oppgåver 
  • Fleksibilitet til å kunne gå inn i nye arbeidsoppgåver
  • Initiativrik, sjølvstendig og bidreg til eit positiv arbeidsmiljø
  • Du er framoverlent og taklar høgt arbeidstempo i periodar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande stilling med fagleg leiarskap for teamet
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Føretaksadministrasjonen held til i moderne lokale i Møllendalsbakken 9 og har eit godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og god pensjons og forsikringsordning

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 



Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt

Nøkkelord

Farmasi, Ledelse, Logistikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christer B Frantzen
Stillingstittel
Fagdirektør
Telefon
99 64 25 88
Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Følg firma
196 følger dette firmaet

Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 213033628
Sist endret 30. mar. 2021 12:02

Rapporter annonse