Er du klar for nye eventyr som marknadssjef på Voss?

Arbeidsgiver
Voss Resort AS
Stillingstittel
Marknadssjef
Frist
11.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å jobba i eit av dei mest sentrale, kreative og veksande selskapa på Voss? Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt for framtida? Då ynskjer me å ha deg med på laget.

 

Marknadssjefen i Voss Resort AS har det totale ansvaret for konsernet si utvikling av marknadsarbeidet. Gjennom strategisk planlegging, marknadsarbeid, kundeforståing og analyse sørger du for å løfte konsernet si merkevare til nye høgder.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Utarbeiding og oppfølging av marknadsføringsbudsjett, marknadsplanar og årshjul
  • Budsjettansvar for marknadsavdelinga
  • Leiaransvar for sal- og marknadsavdelinga
  • Utvikle ei strategisk retning for marknadsarbeidet i konsernet
  • Vidareutvikle den digitale kundereisa
  • Implementere digitale verktøy og KPI-er til analyser, for å maksimere vekst og vidareutvikling av merkevara
  • Ansvarleg for konsernets bodskap og kommunikasjon
  • Kontinuerlig overvåke og optimalisere konsernets marknads- og kampanjearbeid
  • Pleie og utvikle sentrale samarbeidspartnarar
  • Vere ein viktig del av konsernets leiargruppe

 

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Du har utdanning innan marknadsføring og minimum 5 års erfaring innan marknadsføring og merkevarebygging
  • Arbeidserfaring innan strategisk marknadsarbeid, samt oppfølging av dette
  • God erfaring med og forståing for digitalt marknadsarbeid
  • Erfaring med bruk av data og analyse for å generere resultat
  • God erfaring med merkevare- og konseptutvikling
  • Kan vise til gode resultat frå liknande stilling
  • Erfaring frå tilsvarende bransje ikkje eit krav
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne, på engelsk og norsk. Nynorsk er ein fordel.

 

Vi ser etter deg som:

  • Er uteglad
  • Brenn for å gi kundar og samarbeidspartnarar ei unik kundeoppleving
  • Er beslutningsdyktig, engasjerende og har stor gjennomføringskraft
  • Er ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Er analytisk og nyskjerrig
  • Er tilpasningsgsdyktig til endringar og eit dynamisk miljø
  • Har gode samarbeidseigenskaper
  • Bidrar til å vidareutvikle ein løysningsorientert- og raus Vossakultur

 

Vi kan mellom anna tilby: 

  • Ei engasjerande stilling i ein av Noregs mest spanande heilårsdestinasjonar
  • Moglegheit til å leie ein ynskt nytenking innan strategisk marknadsarbeid i destinasjonen. 
  • Ansvarsfull jobb med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer i eit innovativt og leikent miljø
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår
  • Ei unik og kortreist lunsjpause på fjellet heile året
  • Arbeidsplass på Voss


Legg ved CV og søkjarbrev. 

Om arbeidsgiveren

Er du klar for nye eventyr? Velkomen til alpebygda Voss - ei bygd for sterke opplevingar. Ei leiken og attraktiv tilflyttarbygd som både er barne- og ekstremsportvenleg, der natur og kultur står i sentrum. Bygda vår fekk sin fyrste skiheis i 1947 og er i dag ein attraktiv heilårsdestinasjon.

Voss Resort AS driftar gondol, skisenter, overnatting, eigedomsutvikling, servering og aktivitetar. Selskapet er organisert som eit konsern med 7 underliggjande driftsselskap og omset for rundt 150 MNOK årleg. Selskapet er ein sentral aktør i bygda og har vore ein av motorane for den positive utviklinga på Voss. Voss Resort har mange spennande prosjekt under planlegging og det er venta betydeleg utvikling i den operative aktiviteten dei komande åra.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
5704 Voss
Bransje
Markedsanalyse,
Markedsføring og annonsering,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Markedsfører

Nøkkelord

Markedssjef, Marked, Markedsføring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Hedenstad
Stillingstittel
Driftsdirektør
Nyhet! Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
56 følger dette firmaet

5704 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 213023885
Sist endret 7. apr. 2021 13:20

Rapporter annonse