Utløpt

Ein av dei viktigaste og mest meiningsfulle jobbane i Bergen er ledig

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Einingsleiar
Frist
21.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Einingsleiar - om oss og om stillinga

Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig fast stilling som einingsleiar.

Bjørgvin ungdomssenter driv rusbehandling i henhald til spesifikk metode: Læringsbasert rusbehandling (LBR) som det er to institusjonar av i Noreg. Traumebasert omsorg er ei sentral tilnærming i miljøterapien. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høver for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging, samt mange utfordringar. Senteret er også ressursmiljø for tryggheits- og sikkerheitsarbeidet for alle statlege  barnevernsinstitusjonar i region vest med egne tilsette. 


Kva får du jobbe med hos oss?

Som einingsleiar blir oppdraget ditt å hjelpe ungdom med stort behov for  rusbehandling og omsorgsbehov. Med deg får du motiverte tilsette og ei leiargruppe med to avdelingsleiarar, sosialkonsulent og psykolog. Hovudoppgåva di blir fagleg utvikling, kompetanseheving og kvalitetssikring av det daglege arbeidet med 8 ungdommar på dei to institusjonsavdelingane våre. Einingsleiar har kontorarbeidstad ved avdeling Bønesstølen. 

Leiar er fagleg, adminstrativt og økonomisk ansvarleg, og har personalansvar. Leiar har ansvar for fagutvikling og kvalitetssikring av eininga sitt arbeid, samt internkontroll/HMS arbeid.  Samarbeid med einingsleiar i region øst og ekstern konsulent med tanke på kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av LBR (læringsbasert rusbehandling).


Kva for ein bakgrunn har du?

For å meistre denne krevjande jobben må du må ha:

  • minimum tre år utdanning fra høgskule/universitet som gjennomført bachelor-grad eller 180 studiepoeng innan barnevern/sosialfag, eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå. 
  • minimum 15 stp innen leiing og administrasjon. Det kan avtales at påkravd tilleggsutdanning vert teke i løpet av første tenesteår i leiarstillinga
  • erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon og leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endringsprosessar

Vi ønskjer også at du har:

  • vidareutdanning  på masternivå/mastergrad innan sosial/barnevernsfag, eller anna relevant utdanning. 
  • interesse for kunnskapsbaserte tilnærmingar innanfor fagfeltet ungdom med samansette og særskilte omsorgs- og behandlingsbehov 
  • arbeidserfaring frå barnevernsinstitusjon
  • kjennskap til utviklings- og behandlingsmetodar for målgruppa er ønskjeleg.
  • god kunnskap om gjeldende lovverk
  • generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing

God skriftleg og muntleg framstillingsevne.


Kven er du?
  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar
  • du har gjennomføringskraft
  • du er tydeleg og trygg i leiarrolla, fleksibel med stor arbeidskapasitet
  • det vert lagd stor vekt på personlege eigenskaper, blant anna evne og vilje til å gjennomføre endring saman med dine medarbeidarar, vil bli tillagt avgjerande betydning

Dette får du hos oss:
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 leiar,  p.t. kr 643 000 - 768 500 (ltr. 70-78). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.  Løn kan vurderast ved særleg kvalifiserte søkarar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbud, og det meiner vi har ein stor verdi.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høver for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging, samt mange utfordringar.  Senteret er også ressursmiljø for tryggheits- og sikkerheitsarbeidet for alle statlege  barnevernsinstitusjonar i region vest med egne tilsette. 


Opplysningar til deg som søker
  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer, til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Kontaktinformasjon

Idar Krumsvik, avdelingsdirektør, tlf. 46618981

Sigrid Helleland, seksjonsleiar HR, tlf. 46618947 

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggjast ved elektronisk.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland.

Regionkontoret ligg i Bergen.

Bjørgvin ungdomssenter har som målgruppe ungdom i alderen 13-18 år med rusmisbruk som hovudproblematikk. Senteret har plass til 8 ungdommar, fordelt på to avdelingar med 4 plassar på kvar avdeling. Avdelingane og adminstrasjon ligg på Bønes i Bergen. Plasseringsgrunnlag er §§ 4-26/4-24 i Lov om barneverntjenester. 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

enhetsleder, barnevernsinstitusjon, rusbehandling

Følg firma
4300 følger dette firmaet

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 209747575
Sist endret 2. mar. 2021 12:31

Rapporter annonse