Utløpt

Fylkesmiljøvernsjefen har det overordna faglige og administrative ansvaret for avdelingen

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Rogaland
Stillingstittel
Fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør
Frist
14.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga 

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Miljøvernavdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, og samordning av Statsforvaltaren sitt arbeid med regionale og kommunale planar etter plan-og bygningslova. Avdelinga har 30 tilsette er organisert i to seksjonar, naturseksjonen og forureiningsseksjonen.
 

Statsforvaltaren i Rogaland har ledig stilling som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør.


Arbeidsoppgåver

Avdelingsdirektøren

  • har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • har ansvar for budsjett, økonomi- og risikostyring i avdelinga
  • skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltaren sine samla oppgåver
  • skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
  • skal ha kontakt mot media og skal vektleggje informasjon internt og eksternt
     

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer ein dyktig leiar som 

  • har relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd. Vi ser gjerne at du har leiarrelaterte fag i utdanninga di. Det er ønskeleg med kompetanse innan eitt eller fleire av avdelinga sine arbeidsområde.
  • har gode analytiske og strategiske evner
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
    uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Du må kunne sikkerheitsklarerast.

Som leiar av miljøvernavdelinga må du ha evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du må prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Du må legge vekt på samarbeid og samordning.

 

 


Vi tilbyr
  • lønn etter avtale i stilling som avdelingsdirektør
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande og krevjande region
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.
 


Spørsmål om stillinga 

Du får nærare opplysningar om stillinga av statsforvaltar Lone Merethe Solheim, tlf. 51 56 87 68, mobil 908 05 289, eller assisterande
statsforvaltar Harald Thune, tlf. 51 56 88 10, mobil 905 04 510.


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
191 følger dette firmaet

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 209300498
Sist endret 26. feb. 2021 13:03

Rapporter annonse