Utløpt

Assisterende leiar Felles arkitektur- og porteføljekontor

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Assisterende leiar Felles arkitektur- og porteføljekontor
Frist
15.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Felles arkitektur og porteføljekontor (FAPK) består av 15 personar som har ansvar for den regionale portefølje- og arkitekturstyringa i Helse Vest. Vi jobbar med alt frå strategisk planlegging til oppfølging av endringsinitiativ. Vår hovudoppgåve er å sikre at helseregionen gjer dei rette endringsinitiativa ut frå behova i helseføretaka og dei overordna strategiske føringane, og at desse vert gjennomført på ein koordinert og effektiv måte. 

Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt hos oss, og vår kultur for deling av kunnskap og erfaringar er høgt verdsett blant medarbeidarane. Godt lagarbeid og samspel er ein føresetnad for å handtere kompleksiteten i endringsarbeidet. 

Helse Vest står ovanfor ein større endring der vi skal frå ein prosjektverden og ein forvaltningsverden til ein felles produktorganisering. FAPK vil være sentrale i denne overgangen, spesielt når det gjelder nye styringsstrukturar og det å arbeide produktorientert.

Vi søkar nå ein assisterande leiar som saman med leiar skal vidareutvikla FAPK som regional funksjon på vei mot produktorganisering. Assisterande leiar vil ha hovudfokus på det indre livet i eininga, og ha ansvar for å utvikle medarbeidarar, arbeidsmiljøet og arbeidsprosessane.  

Arbeidsstad er anten Bergen eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar og medarbeidarutvikling
  • Rekruttering
  • Vidareutvikling av eininga og arbeidsmiljøet
  • Vidareutvikling av arbeidsprosessar
  • Overgang til produktorganisering
  • Oppfølging og koordinering av arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av interessentar
  • Økonomi- og budsjettoppfølging og andre merkantile oppgåver

Kvalifikasjonar

Vi søkar deg som har erfaring med eit eller fleire av områda under

  • Leiing og personalansvar
  • Teamorganisering og teamarbeid
  • Agile/smidige metodar
  • Scrum og KANBAN
  • Produktorganisering
  • Digitalisering og endringsarbeid
  • Strategisk planlegging
  • Prosjekt-/programleiing og porteføljestyring
  • Verksemdsarkitektur og arkitekturstyring
  • Administrativt arbeid 

Du har relevant høgare utdanning og gode munnleg og skriftleg formuleringsevne i norsk. 

Personlege eigenskapar

Vi søkar ein leiar som

  • er positiv, engasjert og som evner å motivere og engasjere andre
  • tar initiativ og evner å handtera fleire oppgåver samstundes
  • er god på å utvikle organisasjon og tenester
  • set seg raskt inn i, og evnar å forenkle komplekse problemstillingar
  • er god på dialog og samspel og som kan kommunisere godt med ulike interessentar

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar innan eit strategisk satsingsområde
  • Stort rom til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø, samt motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
  • Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 610 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5020 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4016 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Ledelse, Digitalisering, Personal, Arkitekturstyring, Porteføljestyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Granerud
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 65 42 26
Følg firma
827 følger dette firmaet

5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 209288999
Sist endret 26. feb. 2021 11:20

Rapporter annonse