Utløpt

Avdelingssjef for kirurgisk avdeling 

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Avdelingssjef for kirurgisk avdeling
Frist
31.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Brenn du for nytenking, organisasjonsutvikling og lagarbeid? Vi søkjer deg som vil vere ein pådrivar og motivator for å utvikle og drifte avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus.  

Som avdelingssjef for kirurgi skal du medverke til at Klinikk Ålesund når strategiske mål  ved å utvikle og styrke det kirurgiske fagområdet. Klinikk Ålesund sjukehus består av tre avdelingar. Avdeling for kirurgi, som du skal leie, er organsiert i fleire seksjonar og dekkjer fagområda gastrokirurgi, urologi, bryst/endokrinkirurgi, karkirurgi , kjevekirurgi, øye, ØNH, ortopedi, samt sengepostar, dagbehandling og poliklinikk. Avdelingssjefen er ein del av leiargruppa i klinikken, og får eit heilheitleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.

Tilsetting frå 01.08.2021 eller oppstart etter avtale.

I tillegg til faglege utfordringar byr vi på ein fantastisk by og omland:
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge, og byen sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her Les meir om Ålesund og omland her

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet 
  • Leiarerfaring frå helsetenesta 
  • Relevant yrkeserfaring og god fagleg innsikt og kompetanse i dei aktuelle fagområda 
  • Vi oppmoder legar til å søkje

Personlege eigenskapar

 
  • Du er endringsvillig og handlekraftig og kommuniserer på ein måte som inspirerer og motiverer andre  
  • Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar 
  • Du er analytisk, reflektert og er god på å bygge lag

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenesta til beste for innbyggarane i Møre og  Romsdal
  • Spennande leiaroppgåver og rom for fagleg utvikling. 
  • Konkurransedyktige løns- og personalvilkår, inklusive gode pensjons- og forsikringsordningar 
     

 
Andre opplysningar  
Du må framlegge tilfredsstillande politiattest 
Du kan be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og tek kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje
 
 

Om arbeidsgiveren





Vil du
gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til
alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og
nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best
mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men
har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus
finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi
behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


Vi ønsker
leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande
for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i
utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som
kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å
drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt.
Vi gir
deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling
gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med
dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?






Vi minner
om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei
slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til
følgje.


For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 




Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Lege,
Helsepersonell

Nøkkelord

sykehus,leder,offentlig, leder,, Ålesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Siebke
Stillingstittel
Klinikksjef
Telefon
70 16 76 43
Følg firma
208 følger dette firmaet

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 209173893
Sist endret 25. feb. 2021 09:28

Rapporter annonse