Utløpt

Rektor Frøyland ungdomsskule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Rektor Frøyland ungdomsskule
Frist
21.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Vår rektor ved Frøyland ungdomsskule har fått jobb som Barn-og familiesjef i Time kommune. Me ser nå etter ny rektor som vil leia vår gode skule vidare.

Frøyland ungdomsskule er ein skule med om lag 150 elevar. Skulen ligg fint til med fantastisk utsikt over Frøylandsvatnet som blir nytta aktivt i i undervisninga. Skulen har eit godt arbeids- og læringsmiljø, og alle elevar og lærarar bruker iPad som læringsverktøy i skulekvardagen. Skulen har ein aktiv utviklingsplan som er utarbeidd kollektivt i personalet, og eit profesjonelt kollegium som har jobba med utvikling over tid. 

Frøyland ungdomsskule sine utviklingsområde i år er lesing som grunnleggjande ferdigheit og inkluderande skulemiljø. Målet er at alle elevane skal ha progresjon i lesing, og det skal vera høg grad av medverknad og trivsel. I personalet jobbar ein aktivt med ny læreplan, og er vidare del av kompetanseutviklinga knytt til den nasjonale satsinga "Inkluderande barnehage og skulemiljø".

Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Du har analysekompetanse og strategiar for å kunna leia prosessar til det beste for elevane. Ditt fokus er på overordna nivå. Saman med assisterande rektor legg du til rette for prosessar og leiing av lærarane si læring og utvikling. Rektor er einingsleiar og har med det også personal og økonomiansvaret på skulen.

 Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Frøyland ungdomsskule er i leiarnettverket med Varhaug ungdomsskule, Bore ungdomsskule og Gjesdal ungdomsskule. 

Som rektor har du:

  • Ansvar for elevane sine læringsresultat og læringsmiljø
  • Ansvar for at skulen sitt samfunnsoppdrag vert innfridd
  • Ansvar for at skulen fungerer godt som organisasjon, og som del av overordna system
  • Ansvar for at det skjer utvikling og endring i takt med endringar internt og eksternt
  • Eit avklart forhold til eiga leiarrolle og leiarskap.

Kvalifikasjonar

Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter ein leiar som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har mot til å meina, og du kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga

Personlege eigenskapar

  • Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
  • God fagkompetanse og legitimitet
  • Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
  • Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
  • Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne føresetnadar, styrkar og svakheiter

Vi tilbyr

Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter som leiar av eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av spanande leiarnettverk i Jærskulen. Det er tett kontakt med fagstab skule og nettverkssamarbeid som støtte og utvikling for deg som leiar. Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Gåsevikvegen 2, 4355 Kvernaland
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pamela Sudmann
Stillingstittel
Skulesjef
Telefon
93 83 09 72
Følg firma
605 følger dette firmaet

Gåsevikvegen 2, 4355 Kvernaland

Annonseinformasjon

FINN-kode 208563917
Sist endret 9. mar. 2021 12:09

Rapporter annonse