Utløpt

Er du vår nye HR-direktør?

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
HR-direktør
Frist
14.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

HR-direktør er øvste leiar for HR-avdelinga, som i hovudsak har ansvar for rekruttering, leiarutvikling, opplæring og kompetanseutvikling, lønnsforhandlingar, organisasjonsutvikling, HMS og bedriftshelseteneste. Ei sentral oppgåve er å legge til rette for at leiarar og tilsette har rett kompetanse og verktøy i arbeidet med å skape pasienten si helseteneste . Eit godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste er ein viktig del av arbeidsfeltet.

Vi søkjer deg som vil medverke til at Helse Møre og Romsdal når strategiske mål ved å vere pådrivar for utvikling og styrking av HR som fagområde. HR-direktøren utgjer saman med adm. direktør, dei andre stabsdirektørane og klinikksjefane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet.  
  • Leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller offentlig sektor er ønskjeleg.
  • Erfaring frå strategisk kompetanse- og organisasjonsutvikling i store organisasjonar og kan vise til resultat. 
  • Kjennskap til lov- og avtaleverket som regulerer arbeidslivet.

Personlege eigenskapar

  • Du er analytisk, reflektert, har gode samarbeidsevner og flink til å byggje relasjonar.
  • Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar.
  • Du er endringsvillig, har gjennomføringskraft og er ein god formidlar.                                                                                                                                                                                 
  • Du er opptatt av å byggje gode relasjonar til leiarar, tillitsvalde og verneombod.

Vi tilbyr

  • Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggjarane i Møre og Romsdal.                                                                                                         
  • Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.                                                                                                                                     
  • Konkurransedyktige løns- og personalvilkår, inklusive gode pensjons- og forsikringsordningar 

Andre opplysningar

  • Du må pårekne noko reiseaktivitet i samband med jobben.
  • Du må kunne framlegge tilfredsstillande politiattest.
  • Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.                                                                                                                                                     
  • Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje blir tatt til fylgje.

Om arbeidsgiveren





Vil du
gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til
alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og
nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best
mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men
har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus
finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi
behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


Vi ønsker
leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande
for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i
utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som
kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å
drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt.
Vi gir
deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling
gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med
dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?






Vi minner
om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei
slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til
følgje.


For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 




Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
6026 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

HR, rekruttering, lederutvikling, organisasjonsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Bakke
Stillingstittel
Adm .Direktør
Telefon
91 36 99 81
Følg firma
208 følger dette firmaet

6026 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 208345259
Sist endret 10. mar. 2021 12:01

Rapporter annonse