Utløpt

Prorektor for forsking

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Prorektor for forsking
Frist
28.02.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Prorektor for forsking

Høgskulen på Vestlandet søkjer prorektor for forsking i fireårig åremålsstilling med tiltreding 1.8.2021.

Vi søkjer etter ein person med sterk forskingsprofil, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren, som har ein inspirerande og inkluderande leiarstil og kan vere en pådrivar for å realisere HVL sin forskingsstrategi og forskingssatsingar.

Prorektoren vil ha eit strategisk ansvar for oppfølging av høgskulen si forskingsverksemd og vår forskingsstrategi og forskarutdanning. Tilrettelegging for forsking og utviklingsarbeid i samarbeid med arbeids- og næringslivet,fakulteta og andre samarbeidspartar vil vere ei sentral oppgåve.

Prorektor for forsking sitt strategiske ansvar for utviklinga av forskings- og utviklingsarbeidet i høgskulen skal skje i samarbeid med fakulteta og i samsvar med HVL sine  målsettingar og ambisjonar. Prorektor skal syte for at fakulteta og institutta får nødvendig støtte i sitt utviklingsarbeid innan forsking. Koordinering av høgskulen sine internasjonale kontaktar og administrasjon av høgskulen sine avtalar om forskingssamarbeid ligg også til denne stillinga. Prorektor skal legge til rette for biblioteket si vidare utvikling som kunnskapsallmenning for profesjonskompetanse i tråd med universitetsambisjonen.

Prorektor for forsking er ein del av høgskulen si toppleiing. Høgskuleleiinga har ansvar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. 

Det er forventa at prorektor er synleg på alle våre campus. Det må påreknast ein god del reiseverksemd.


Prorektor har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar:  
  • Strategisk utvikling av FoU-verksemda i HVL i samsvar med høgskulen sin universitetsambisjon.
  • Bidra til å realisere, styrke og vidareutvikle høgskulen sine forskingsambisjonar i samarbeid med fakulteta.
  • Styrke det strategiske arbeidet med ekstern forskingsfinansiering.
  • Styrke det utoverretta samspelet med samfunns- og arbeidsliv i regionane ved aktivt å delta i samskaping av kunnskap.
  • Bidra til å styrke samanhengane mellom forsking og utdanning.
  • Syte for at HVL sine tilsette og studentar får forskingsadministrative tenester av høg kvalitet.
  • Stimulere til tverrfagleg forskingssamarbeid?mellom fakulteta. 
  • Støtte opp under arbeidet med innovasjon og nyskaping i forsking og utdanning
  • Sikre heilskapleg campusutvikling ved alle høgskulen sine campus, og bidra til tverrfagleg og interfakultært samarbeid.
  • Posisjonere og profilere høgskulen som ein attraktiv forskingsinstitusjon kjend for høg kvalitet i undervising og forsking 
  • Leie høgskulen sitt forskingsutval.

 
Mål om berekraft skal ligge til grunn for arbeidet

Prorektor kan få arbeidsoppgåver og ansvarsområde ut over det som står i utlysinga.

Til stillinga som prorektor ligg også administrativt ansvar for personale, drift og utvikling innan eige funksjonsområde. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode administrative tenester.?? 

Prorektor for forsking har det overordna leiaransvaret for dei fellesadministrative tenesteområda forskingsstøtte, internasjonalisering og Biblioteket. 


Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og prorektor rapporterer til rektor.


Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sine ansvarsområde blir vektlagt. 
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generell kompetanse:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag 
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette. 
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til profesjonar og praksisfelt som HVL femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiten i digitale løysingar. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Løn etter avtale


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn,  legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Rektor Gunnar Yttri, 57 67 60 82


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionane og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar. Vi bygger det nye universitetet! 

Høgskulen på Vestlandet skal ha tre prorektorar; ein prorektor for forsking, ein prorektor for utdanning og ein prorektor for regional utvikling. Prorektorane har eit strategisk fagleg- og administrativt ansvar innanfor eige funksjonsområde. Ein av prorektorane vil vere avløysar for rektor.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6812 Førde
  • 6856 Sogndal
  • 5414 Stord
  • 5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Følg firma
962 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 207125595
Sist endret 8. feb. 2021 14:30

Rapporter annonse