Utløpt

Prorektor for utdanning

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Prorektor for utdanning
Frist
28.02.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Prorektor for utdanning

Høgskulen på Vestlandet søkjer no prorektor for utdanning i ei fireårig åremålsstilling med tiltreding 1.8.2021.

Vi søkjer etter ein person med sterk utdanningsfagleg profil, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren, som har ein inspirerande og inkluderande leiarstil og kan vere ein pådrivar for å realisere HVL sin strategi for utvikling av utdanningsfeltet. 

Prorektor for utdanning vil ha eit strategisk ansvar for utviklinga av høgskulen sine utdanningstilbod på alle nivå. Prorektor skal ivareta og vidareutvikle system og rammer for utdanningskvalitet som støtter opp under fakulteta sitt arbeid med kvalitetsutvikling av utdanningane.Det vil bli lagt eit ansvar for strategisk utvikling i HVL av utdanningstilbod i eit livslangt læringsperspektiv til prorektor for utdanning.

Prorektor for utdanning skal vere ein pådrivar for utvikling og fornying av studietilbod, studiekvalitet og læringsmiljø i samarbeid med fakulteta og i samsvar med institusjonen sine strategiar og vedtak. Prorektor skal koordinere verksemda innanfor utdanningsområdet og sørgje for effektiv administrasjon og drift av høgskulen sitt samla studietilbod. 

Prorektor for utdanning er ein del av høgskulen si toppleiing. Høgskuleleiinga har ansvar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. 

Det er forventa at prorektor er synleg på alle våre campus. Det må påreknast ein god del reiseverksemd.


Prorektor har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar
  • Strategisk utvikling av utdanningsverksemda i HVL i samsvar med høgskulen sin universitetsambisjon.
  • Ivareta og vidareutvikle system og rammer for utdanningskvalitet.
  • Posisjonere høgskulen som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for høg kvalitet i undervising og forsking.
  • Syte for at HVL sine tilsette og studentar får studieadministrative tenester av høg kvalitet.
  • Styrke det utoverretta samspelet med samfunns-og arbeidsliv i regionane ved aktivt å delta i samskaping av kunnskap.
  • Bidra til å styrke samanhengane mellom forsking og utdanning.
  • Støtte opp under arbeidet med innovasjon og nyskaping i forsking og utdanning.
  • Sikre heilskapleg campusutvikling ved alle høgskulen sine campus, og bidra til tverrfagleg og interfakultært samarbeid.
  • Leie høgskulen sitt utdanningsutval.

Mål om berekraft skal ligge til grunn for arbeidet

Prorektor for utdanning kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga

Til stillinga som prorektor ligg også administrativt ansvar for personale, drift og utvikling innan eige funksjonsområde. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode administrative tenester.

Prorektor for utdanning har det overordna leiaransvaret for dei fellesadministrative tenesteområda utdanningskvalitet, studieadministrasjon og utvikling av læring og undervisning.
 


Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og prorektor rapporterer til rektor


Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sine ansvarsområde blir vektlagt. 
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generell kompetanse:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag 
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette. 
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til profesjonar og praksisfelt som HVL femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiten i digitale løysingar. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Løn etter avtale


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

V gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn,  legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Rektor Gunnar Yttri, 57 67 60 82


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionane og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar. Vi bygger det nye universitetet! 

Høgskulen på Vestlandet skal ha tre prorektorar; ein prorektor for forsking, ein prorektor for utdanning og ein prorektor for regional utvikling. Prorektorane har eit strategisk fagleg- og administrativt ansvar innanfor eige funksjonsområde. Ein av prorektorane vil vere avløysar for rektor.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
6812 Førde,
6856 Sogndal,
5414 Stord,
5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Følg firma
544 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 207125552
Sist endret 8. feb. 2021 14:36

Rapporter annonse