Utløpt

Prorektor for regional utvikling

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Prorektor for regional utvikling
Frist
28.02.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Prorektor for regional utvikling

Høgskulen på Vestlandet søkjer prorektor for regional utvikling i fireårig åremålsstilling med tiltreding 1.8.2021.

Vi  søkjer etter ein person med særs god nettverkskompetanse, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren, som har ein inspirerande og inkluderande leiarstil og kan vere ein pådrivar for å styrke HVL sitt fokus på regional utvikling og innovasjon. 

Regional utvikling er berande element i Høgskulen på Vestlandet si verksemd. Eit særleg ansvar vert lagt til prorektor for å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns-og næringsliv på heile Vestlandet.

Prorektor skal vere HVL sitt tydelege kontaktpunkt for samfunnsaktørar i regionen, og representere breidda i HVL sin profil og kompetanse. Ansvaret skal utøvast i tett samarbeid med fakulteta.

Prorektor har ansvar for å vidareutvikla eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen, synleggjere HVL som en vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør og bidra til at høgskulen er ein attraktiv samarbeidspartnar for privat næringsliv og offentlege verksemder.

Prorektor for regional utvikling er tillagt ansvar for HVL sitt samla arbeid med vidareutvikling av fem berekraftige campus.

Prorektor for regional utvikling er ein del av høgskulen si toppleiing. Høgskuleleiinga har ansvar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. 

Det er forventa at prorektor for regional utvikling er synleg på alle våre campus. Det må påreknast ein god del reiseverksemd. 


Prorektor har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar  
  • Styrke og tydeleggjere høgskulen som regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør.
  • Vidareutvikle det utoverretta samspelet med regionane, og legge til rette for innovasjon og entreprenørskap. 
  • Etablere gode samhandlingsarenaer for fakulteta og regionalt samfunns- og arbeidsliv for samskaping av kunnskap.
  • Sikre heilskapleg campusutvikling ved alle høgskulen sine campus, og bidra til tverrfagleg og interfakultært samarbeid. 
  • Posisjonere høgskulen som ein attraktiv utdanningsinstitusjon kjend for høg kvalitet i undervising og forsking.
  • Sjå til at HVL er ein institusjon med høg kompetanse, der både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø.

Mål om berekraft skal ligge til grunn for arbeidet

Prorektor kan få ansvars-/arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga.

Til stillinga som prorektor ligg også administrativt ansvar for personale, drift og utvikling innan eige funksjonsområde. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode administrative tenester.


Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og prorektor rapporterer til rektor


Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sine ansvarsområde blir vektlagt. 
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generell kompetanse:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag 
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
  • Erfaringar frå samfunns- og næringsliv, og kjennskap til politiske prosessar er ønskjeleg.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til profesjonar og praksisfelt som HVL femnar om er ein føremon 
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiten i digitale løysingar. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering. 
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Løn etter avtale

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn,  legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Rektor Gunnar Yttri, 57 67 60 82


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionane og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar. Vi bygger det nye universitetet! 

Høgskulen på Vestlandet skal ha tre prorektorar; ein prorektor for forsking, ein prorektor for utdanning og ein prorektor for regional utvikling. Prorektorane har eit strategisk fagleg- og administrativt ansvar innanfor eige funksjonsområde. Ein av prorektorane vil vere avløysar for rektor.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6812 Førde
  • 6856 Sogndal
  • 5414 Stord
  • 5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Følg firma
964 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 207125489
Sist endret 8. feb. 2021 14:37

Rapporter annonse