Utløpt

Dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap
Frist
28.02.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Dekan for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Høgskulen på Vestlandet søkjer dekan for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 1.8.2021.

Dekanen har det overordna ansvaret for at fakultetet sine utdanningar, forskings-og utviklingsverksemd, og formidlingarbeid held høg kvalitet. Dekanen skal sørge for at innovasjon, nyskaping og internasjonalisering vert ein integrert del av den faglege verksemda. Tilrettelegging for fagleg samhandling internt og på tvers av fakulteta er ei viktig oppgåve.

Dekanen skal aktivt bidra til å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns-og næringsliv i kunnskapsutviklinga på heile Vestlandet. Dekanen har ansvar for å styrke det tverrfaglege- og interfakultære samarbeidet, og skal bidra til berekraftig utvikling av alle våre campus.

Som fakultetet sin øvste faglege og administrative leiar er dekanen ansvarleg for utviklinga av fakultet og er ein del av høgskulen si toppleiing. Høgskuleleiinga har ansvar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Det er forventa at dekanen er synleg på dei campus fakultetet er representert. Det må påreknast ein god del reiseverksemd.


Dekan har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar:?? 
  • Leie arbeidet med å utvikle utdanningtilbod, utdanningsprogram og læringsmiljø av høg kvalitet på fakultetet. 
  • Sikre at fakultetet sine utdanningar er tilpassa samfunnet og den einskilde sitt behov for livslang læring. 
  • Sikre rammevilkår for at fakultetet sitt faglege personale kan utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet.
  • Styrke og tydeleggjere det utoverretta samspelet med samfunns-og arbeidslivet i regionane.
  • Vidareutvikle det tverrfaglege og interfakultære samarbeidet. 
  • Sikre berekraftig utvikling på alle campusane våre. 
  • Sikre at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette.

Dekan er ansvarleg for fakultetet si samla ressursforvalting og har budsjettansvar. Dekan er øvste arbeidsgjevaransvarleg i fakultetet,og har overordna HMS-ansvar for fakultetet sine tilsette. Ivaretaking av eit godt partssamarbeid og tilrettelegging for medverknad frå tilsette og studentar i fakultetet ligg til rolla.

Som øvste leiar av fakultetet skal dekan sikre at både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø.

Dekanen har òg ansvar for at forvaltingsoppgåvene vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.


Mynde

Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og dekanen rapporterer til rektor.


Kvalifikasjonskrav

Kvalifikasjonskrav

  • Formell utdanning og kompetanse 
  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå. 
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fakultetet sitt fagområde.
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette. 
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fakultetet femnar om er ein føremon.
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • God forståing for moglegheiten i digitale løysingar. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings - og utviklingsorientering.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Arbeidsstad er ein av høgskulen sine campusar i  Bergen, Førde, Haugesund eller Sogndal 


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er plassert i stillingskode 1474 dekan, løn etter avtale.? 

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn,  legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Rektor Gunnar Yttri, 57 67 60 82


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionane og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar.

Vi bygger det nye universitetet! 

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og over 3000 studentar.  Fakultetet har ei stor kontaktflate mot arbeidslivet i regionen  og utviklar og deler kunnskap innan dei faglege profilområda i tett samarbeid med nærings- og samfunnslivet.

Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Fakultetet si verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
5063 Bergen,
6812 Førde,
6851 Sogndal,
5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ingeniør,
Ledelse
Følg firma
544 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 207125339
Sist endret 8. feb. 2021 13:59

Rapporter annonse