Utløpt

Vil du sikre rein natur og jobbe for bedre friluftsliv ved sjøen ?

Arbeidsgiver
Fjordane Friluftsråd
Stillingstittel
Skipper og leiar for Skjergardstenesta i gamle Sogn og Fjordane
Frist
28.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer etter ein koordinerande fagleiar og erfaren båtførar for skjergardstenesta i Sogn og Fjordane med base på Hardbakke i Solund.

Du vil få ansvaret for å leie og koordinere tenesta med ein uniformert båt som skal operere på kyst og fjordstrøk av gamle Sogn og Fjordane. Vi søkjer deg som liker ansvar og planlegging, er kontaktskapande, god på samhandling og som har alle naudsynte papir og kvalifikasjonar til føring av lasteskip mellom 8-15 meter, her minimum sertifikat for fritidsbåtskipper, bilsertifikat for hengar, som er praktisk anlagt, løysingsorientert og forståing for motor/mekanikk og bruk av krane og vinsj. Du må ha gode datakunnskapar, bruk av excel og vil få ansvar for eige budsjett. Vi ser etter deg som også har eit engasjement for friluftsliv, miljø og biologisk mangfald.

Stillinga er fast med ei prøvetid på 6 mnd. frå tilsetjingsdato.

Løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt friluftsråd etablert i 2017 med kommunane Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn. Det er i dag totalt 8 tilsette der 6 har base i nye lokaler ved Solund Brygge på Hardbakke i Solund, og 2 med base på Horne Brygge i Florø. Friluftsrådet rår i dag over ein båtpark på 3 båtar, herav ein skjergardstenestebåt på 42 fot. Båt og leiar for tenesta har base på Hardbakke. Hovudoppgåvene til Fjordane Friluftsråd er bekjemping av marin forsøpling, skjergardsteneste, avhalde friluftsskular for born, tiltak for å fremje friluftsliv og tilrettelegging. Vi har sidan oppstarten arbeida for etablering av skjergardsteneste, som vi fekk på plass ved årsskiftet. 2021.
"Etter anbefaling fra Miljødirektoratet har Klima- og miljødepartementet i brev av 21.desember 2020 godkjent at Fjordane Friluftsråd etableres som ny drifts-enhet i Skjærgårdstjenesten. Departementet bekrefter også statlig støtte til drift av Skjærgårdstjenesten i Fjordane Friluftsråd i tråd med etablerte rutiner."
Skjergardstenesta er eit spleiselag mellom Staten v/Miljødirektoratet, fylkeskommunen og medlemskommunane til Fjordane Friluftsråd.
Kommunane sin del av spleiselaget vert dekka gjennom kontingenten dei betaler til Fjordane friluftsråd som skal stå for den daglege drifta av tenesta,

I samarbeid med friluftsråda og kommunane arbeider Skjergardstenesta med oppgåver knytt til tilrettelegging og drift av sjønærbaserte friluftsområde i medlemskommunane. Skjergardstenesta kan også delta med transportstøtte for lokale brannvern, men også utføre f.eks transporttenester for private. Tenesta er ein viktig samarbeidspartnar for Statens Naturoppsyn, og ein særs viktig aktør til å understø operasjonar knytta mot arbeidet med marin forsøpling, mellom anna ved å hente innsamla avfall. Vi er også medlem av Vestkystparken.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Hardbakke 33, 6924 Hardbakke
Bransje
Miljøtjenester,
Reise og turisme,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Maskinfører og -operatør,
Sjøfart / Dekksoffiser

Nøkkelord

mekanikk, avfallshåndtering, Koordinering, Båtfører, miljødirektoratet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarte Engevik
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Telefon
99 48 75 00
Mobil
99 48 75 00
Kontaktperson
Arlene Vågene
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
40 23 92 60
Følg firma
65 følger dette firmaet

Hardbakke 33, 6924 Hardbakke

Annonseinformasjon

FINN-kode 206854642
Sist endret 19. okt. 2021 15:40

Rapporter annonse