Utløpt

Kommunedirektør

Arbeidsgiver
Vestre Slidre Kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
10.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS
Vestre Slidre kommune søkjer kommunedirektør

Til å leie ein veldreven og utviklingsorientert kommune med om lag 270 tilsette ynskjer vi ein relasjonssterk, synleg, motiverande og samlande lagleiar som er utviklingsorientert, strategisk og resultatorientert. I ein liten kommune må du vere operativ og deltakande i organisasjonen. Saman med kommunen sine folkevalde og dyktige medarbeidarar skal du som vår nye kommunedirektør bidra til å vidareutvikle Vestre Slidre som god bustadkommune, besøkskommune og næringsvenleg kommune.

Du er tydeleg og handlekraftig, men samstundes samlande for å nå felles mål gjennom gode prosessar.
Som kommunedirektør har du klår rolleforståing og bidrar til god samhandling og gjensidig tillit med politisk nivå, syter for god sakshandsaming og følgjer opp politiske vedtak.

Vi tilbyr

  • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknad på viktige samfunnsområde i nært samspel med politisk nivå
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte medarbeidarar
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av organisasjonen med vekt på godt samarbeid, strategi, heilskap, endringsleiing og god personalleiing
  • Effektiv drift og vidareutvikling med fokus på kvalitet og effektivitet innan gitte økonomiske rammer - nytenkning og innovasjon vil være viktige stikkord for dei kommande åra.
  • God økonomistyring og rapportering
  • Syte for gode prosessar, prosedyrer og kontrollrutiner i organisasjonen
  • Som kommunedirektør er du pådrivar og tilretteleggjar for samfunns- og næringsutvikling.
  • Bidra til godt og effektivt interkommunalt og regionalt samarbeid og prosjekter
  • Marknadsføre og representere kommunen på ein god måte
  • God sakshandsaming og effektiv oppfølging av politiske vedtak

Kvalifikasjonar

  • Høgskule-/universitetsutdanning – gjerne på masternivå - med mindre særskilt erfaring kompenserer for det
  • God kjennskap til/gjerne erfaring frå kommunal verksemd
  • God forståing for politiske prosessar, god rolleforståing og evne til god samhandling med politisk nivå og oppfølging av politiske målsettingar og vedtak.
  • God økonomikompetanse/-forståing og juridisk forståing
  • Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med gode resultat – gjerne også formalkompetanse innan leiing
  • God digital kompetanse

Leiareigenskapar/personlege eigenskapar

  • Evne til strategisk leiing med tydelege mål og tverrsektoriell tenking
  • Evne og lyst til å utvikle organisasjonen gjennom innovasjon og bruk av morgondagen sine løysingar, ny teknologi og nye arbeidsformer
  • Relasjonell leiing tufta på ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk i godt samspel med dei ansette og deira organisasjonar
  • Tydeleg, målretta og handlekraftig med evne til gjennomføring
  • Positiv, utadvendt, lyttande, tillitsskapande, motiverande og skaper trygghet
  • Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskaper med tett og tydeleg dialog med tilsette, politisk nivå og i det regionale samarbeidet
  • Godt humør

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Haldor Ødegård , tlf. 915 74 316 eller til våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Jan Sebjørnsen Storstein, tlf. 950 09 444 eller Tom R. Gogstad, tlf. 951 75 241.



Om arbeidsgiveren

Vestre Slidre kommune er ein av seks kommunar i regionen Valdres, Kommunen er ein utprega landbruks- og reiselivskommune som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar. Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Ledelse, Kommunal forvaltning, Rådmann, Offentlig administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Haldor Ødegård
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
91 57 43 16
Kontaktperson
Jan Sebjørnsen Storstein
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
95 00 94 44
Kontaktperson
Tom R. Gogstad
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
95 17 52 41
Følg firma
2836 følger dette firmaet

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Annonseinformasjon

FINN-kode 205237189
Sist endret 9. feb. 2021 13:48

Rapporter annonse