Utløpt

Kommunalsjef

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef
Frist
02.02.2021
Ansettelsesform
Fast

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som kommunalsjef for teknisk, plan, miljø og landbruk. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren sin leiargruppe. Leiargruppa arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein person med gode samarbeidsevner og ei strategisk innstilling til den samla kommunale verksemda.

Ved etaten er desse fagområda:

  • Samfunnsutvikling og arealplan
  • Byggesak
  • Vatn og avløp
  • Miljø og naturforvaltning
  • Landbruk, skogbruk og viltforvaltning
  • Landmåling, kart og GIS
  • Beredskap
  • Teknisk drift og kommunal eigedomsforvaltning

 

Det planleggast med et fellesmøte eller individuelle intervju for aktuelle kandidatar i Vang den 10. februar.  

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


For meir info om Vang kommune, sjå:
https://www.vangivaldres.no/om-vang/vangswiki/


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for etatens økonomi og personell, samt utvikling av fagområda.
  • Ansvar for å sikre ei effektiv tenesteutøving med god kvalitet i forhold til lovverk, rammer og målsetjingar.
  • Ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling i etaten
  • Vidareutvikle etaten med fokus på å skape ein felles kultur og innovativ tankegang.
  • Ansvarleg for etatens saksbehandling innanfor fagområda og førebu saker til politisk behandling

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning, til dømes innanfor ingeniørfag, forvaltning, jus, realfag, samfunnsfag
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd på tilsvarande organisasjonsnivå
  • Ynskjeleg med kjennskap til lovverk og føresegner innanfor kommunal forvaltning og beredskap
  • God forståing for offentleg forvaltning og økonomi
  • God systemforståing og digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • vil vere med å forvalte og utvikle verdiane i Vang kommune
  • gjennom dine leiareigenskaper evner å levere gode resultat i samarbeid med andre
  • har høg gjennomføringsevne, er tydeleg og evner å ta avgjerd på sjølvstendig grunnlag i tråd med overordna målsetning.
  • finn gode løysingar og held fokus på utvikling av medarbeidarar, system og organisasjon
  • tør å tenke nytt, tar utfordringar og ser mulegheiter
  • har gode strategiske og analytiske eigenskapar
  • skapar tillit gjennom høg fagleg og personleg integritet
  • har stor interesse for kommunal forvaltning og utvikling av fagfeltet
  • har god forståing for forholdet mellom styret og administrasjonen i ein organisasjon

    Personlige eigenskapar vil leggast stor vekt på.
 

Vi tilbyr

  • deltaking i ei engasjert og inkluderande leiargruppe
  • spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • moglegheita til å være med på å utvikle tenesteområdet saman med engasjerte medarbeidarar og avdelingsleiarar
  • moglegheita til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse,
Samfunnsviter

Nøkkelord

Jus, Landbruk, Teknisk, Oppmåling, VA

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erlend Haaverstad
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
41 43 89 14
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 205143225
Sist endret 20. jan. 2021 13:54

Rapporter annonse