Utløpt

Spennande leiarstilling

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Stillingstittel
Assisterande statsforvaltar
Frist
03.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har ledig ei fast 100 % stilling som assisterande statsforvaltar. Assisterande statsforvaltar er nestleiar ved embetet.

I tillegg til eit overordna ansvar for drifta i embetet saman med statsforvaltaren, har assisterande statsforvaltar eit særleg ansvar for å følgje opp dei felles overordna strategiane og prioriteringane som gjeld, til dømes tildelingsbrev, fellesdelen av verksemdplanen mv. I denne samanhengen er forholdet til samarbeidande aktørar, ikkje minst kommunane og statsetatane, særleg viktig.


Kvalifikasjonskrav
  • Stillinga krev høgare utdanning, fortrinnsvis embetseksamen/master i samfunnsfag eller rettsvitskap
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat versemd
  • Svært gode analytiske og strategiske evner
  • Røynsle frå fagleg utviklingsarbeid og/eller omstillings- og endringsprosessar
  • God kunnskap om offentleg forvaltning og særleg statsforvaltninga og høvet til kommunane,  i tillegg til god innsikt i offentleg lov- og avtaleverk
  • Må kunne sikkerheitsklarerast etter sikkerheitslova

Personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing. Vi ynskjer ein assisterande statsforvaltar som har:

  • Evne til å inspirere, som er målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert og som legg vekt på dialog og samarbeid både internt og eksternt
  • God vurderingsevne og rolleforståing
  • Imøtekommande og profesjonell haldning
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Stor arbeidskapasitet
  • Evne til å vere aktiv og synleg i arbeidsmiljøet


Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Lønn som assisterande statsforvaltar med årslønn i spennet kr. 1.000.000 - 1.200.000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Det er 6 månaders prøvetid.


Generelle opplysningar

Kontorstad for stillinga vil vere Tønsberg.

Embetet har nynorsk som målform.

Vi tek atterhald om endring av oppgåvene til stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort jf. offl. § 25, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste.

Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søka, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Embetet ønsker å realisere målet til regjeringa knytt til inkluderingsdugnaden om at minst 5% av dei nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller avbrot i yrkeskarriera.

Du kan få nærare informasjon om stillinga ved førespurnad til: Statsforvaltar Per Arne Olsen,
tlf.nr: 33 37 11 14, eller tlf. nr: 905 32 000.

Vi ber om at søknad, med referansar, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sendt elektronisk via jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 3. februar 2021.


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter, og er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, mellom anna utdanning og oppvekst, helse og sosial, miljø, landbruk, samfunnssikkerheit og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har om lag 210 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret er lokalisert i Tønsberg, rett over vegen for jernbanestasjonen.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grev Wedels gate 1, 3111 Tønsberg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
303 følger dette firmaet

Grev Wedels gate 1, 3111 Tønsberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 205069365
Sist endret 21. jan. 2021 19:45

Rapporter annonse