Utløpt

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
24.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer etter to avdelingsleiarar i 100 % fast stilling ved Vardheia ungdomsskule. Vardheia ungdomsskule er ein heilt ny skule i Time kommune. Skulen er eit samarbeid mellom Klepp og Time og kjem til å ha elevar frå begge kommunane.

Vardheia ungdomsskule er bygd for å vera i tråd med samfunnsutviklinga og innhald i ny læreplan. Den skal stimulera til aktive og skapande elevar i eit flott inne- og utemiljø. Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og  lokalitetar for ulike arbeidslivsfag med inspirasjon frå vidaregåande skule, samt eige kreativt rom for spelbasert læring. Skulen har ein læringslab der elevane kan samarbeida på tvers, låna bøker, jobba på digitale flater m.m.


Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Vardheia ungdomsskule vil vera i leiarnettverket med Varhaug ungdomsskule, Frøyland ungdomsskule, Bore ungdomsskule og Gjesdal ungdomsskule.


Skulen ligger sentralt på Bryne med gangavstand til offentleg transport.
Begge stillingane er tredelte mellom leiing, andre oppgåver og undervisning. Andre oppgåver kan til dømes vera sosiallærar eller spesped koordinator 

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil  du ha ansvar for dagleg drift, resultatoppfølging, personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid saman med rektor. Arbeid med ressursfordeling, timeplanarbeid, og vikarteneste er viktige driftsoppgåver gjennom heile året. Arbeidsoppgåver elles blir fordelte etter kompetanse, erfaringar og behov

Kvalifikasjonar

Stillingane krev at ein har pedagogisk utdanning og brei erfaring frå arbeid i skule. Me ser etter to leiarar som er utviklingsorienterte, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver. Vidareutdanning innan skuleleiing, god IKT kompetanse og kunnskap om ny læreplan er ønska. Om ein manglar videreutdanning innen skuleleiing er det forventa at ein fullfører denne etter nærmare avtale.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne og lyst til å skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette
  • Stor grad av  fleksibilitet og er løysingsorientert
  • Stor arbeidsglede og sjølvstendig tilnærming til arbeidet
  • Interesse for, og ønske om, å delta i endringsprosessar
  • Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.

Vi tilbyr

Moglegheit til å vera med å bygga opp ein heilt ny ungdomsskule, der kreative, praktiske, digitale og skapande arbeidsmetodar står i fokus. Du vil vera ein del av ei engasjerande leiargruppe med gode moglegheiter for personleg utvikling og til å setja ditt preg på den nye skulen

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
Nordlysvegen 10, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Jåtten
Stillingstittel
Rektor
Telefon
47 30 97 95
Følg firma
605 følger dette firmaet

Nordlysvegen 10, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 204560526
Sist endret 14. jan. 2021 13:07

Rapporter annonse