Utløpt

Toyota Voss søkjer ny Verkstadleiar

Arbeidsgiver
Jæger Automobil AS, avd Toyota Voss
Stillingstittel
Verkstadleiar
Frist
01.06.2021
Ansettelsesform
Fast

Til vår avdeling på Voss søkjer me

Verkstadleiar

Toyota Voss er i vekst og me søkjer ein aktiv og energisk verkstadsleiar som er klar for hektiske kvardager og spennande oppgåver. Me held til i heilt nye lokaler på Palmafossen og har ein ny flott moderne butikk og verkstad, i europeisk Toyota standard. Me håpar du vil vera med på laget vårt.

I denne stillinga vil du læra Toyota og kjenna. Du vil verta godt kjend med Toyota sin servicefilosofi, som krev at alle tilsette har kundeservice i hjarta og i hovudet. Verkstadleiaren får totalansvar for verkstaddrift og produksjonsplanlegging, leia og utvikla mekanikarar, kundeservice, kvalitetsikring av interne rutinar og arbeidsprosessar i verkstaden.

Me søkjer deg som har god teknisk fagkompetanse, leiareiganskaper og røynsle fra bilverksemd, fagbrev som mekanikar og som veit kor avgjerande kvalitet og god service er.

Du er omgjengeleg og løysingsorientert, villig til å leggje ned stor arbeidsinnsats og er glad i menneske. Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, og verdset høgt personlege eigenskapar som godt humør, positiv innstilling og gode samarbeidsevne.

Me tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjons- og forsikringsordning, gode arbeidstilhøve og godt miljø. Me har og bedriftshelseteneste og firmahytte.

Om arbeidsgiveren

Jæger Automobil AS er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsern har 230 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,1 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i Vest Noreg. Kvalitet og stadig betring er grunnpilarar i Jæger og Toyota sin filosofi. Me set vi oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det suverent mest kjøpte bilmerket gjennom tida i Vestland fylke. Toyota er verdas største og mest respekterte bilprodusent, og er leiande på miljøteknologi og forsking.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Ledelse,
Annet

Nøkkelord

Verkstedsleder, Verksted, Toyota, Leder, Bilreparasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Senderud
Stillingstittel
Daglig leder Toyota Voss
Mobil
91 11 13 53
Følg firma
40 følger dette firmaet

Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 203789059
Sist endret 18. jun. 2021 13:32

Rapporter annonse