Utløpt

Ønskjer du å bli den første rektoren ved Stord Folkehøgskule?

Arbeidsgiver
Stord Folkehøgskule
Stillingstittel
Rektor
Frist
20.01.2021
Ansettelsesform
Fast

Det unike med folkehøgskule er det sosiale fellesskapet. Det beste året i mitt liv, hevdar mange elevar begeistra etter eit år på folkehøgskule. Som Stord Folkehøgskule sin første rektor vil du ha stor påverknad på utforminga av den nye skulen. Med plassering i urbane Leirvik sentrum trur med at me har noko heilt spesielt å tilby våre komande elevar. Stillinga inneber at du saman med skulen sine tilsette skal gi eit skuletilbod prega av heilskap kor fag, gode opplevingar, og refleksjon er viktige dimensjonar. Du må vere god til å skapa tillit gjennom openheit, dialog og invitasjon til medverknad.


Arbeidsoppgåver

  • Rekruttera stab og bidra til god oppstart av folkehøgskulen
  • Leggje tilrette for gode fagtilbud, undervisningsformar og aktivitetar
  • Syte for at skulen har kompetanse til å løyse noverande og komande oppgåver
  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats
  • Bidra til godt samarbeid med elevar, tilsette, nærmiljø og skuleeigar
  • Sikre god intern administrasjon, styring og kontroll av skulen si verksemd


Ønska kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring, relevant høgare utdanning og erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
  • Kompetanse innan økonomistyring og innsikt i erfaringsbasert pedagogikk 
  • Synleg, inspirerande og tilgjengeleg leiar som likar å ha mennesker rundt seg
  • Evne til heilskapeleg tenking samstundes som du klarar å handtere daglege gjeremål 
  • Inkluderande og samarbeidsorientert person med godt humør som ser den einskilde 
  • Gode kommunikasjonseigenskaper og evne til å profilera folkehøgskulen


Me tilbyr ein unik moglegheit til å utvikla og driva den nyaste folkehøgskulen i landet. Du vil få stor fleksibiltet til å utvikla eiga stilling, og skape ein aktiv arbeidsplass. 100% stilling og løn etter avtale. Den som vert tilsett må leggja frem politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

For meir informasjon om stillinga kontakt Tom Monclair Larsen tlf 982 95 141 i Personalhuset Search & Selection eller styreleiar Lars Solberg tlf. 908 43 777 ved Stord folkehøgsskule.

Om arbeidsgiveren

Stord Folkehøgskule startar opp august 2021 som den nyaste folkehøgskulen i landet. Skulen er ein frilynt folkehøgskule med 125 elevplassar som vil ha fleire spennande og varierte linjer. Me har overtatt tidligere Grand Hotell i Leirvik sentrum som skal bygges om. Verdigrunnlaget for folkehøgskulen er engasjement i organisasjonsliv, entreprenørskap og miljø og berekraft. Mottoet for skulen er "Ei tid for endring." Byen Stord med sine 19.000 innbyggjarar ligg midt mellom Bergen og Stavanger, i hjarta av Sunnhordland. Rektor rapporterer til skulens styre. For meir informasjon sjå stordfhs.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
OSEN 5, 5411 Stord
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kurs og opplæring,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, undervisning, opplæring, skole, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Monclair Larsen
Stillingstittel
Direktør / Rekrutteringsrådgiver
Telefon
98 29 51 41
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Lars Solberg
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
90 84 37 77
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1158 følger dette firmaet

OSEN 5, 5411 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 202901992
Sist endret 5. jan. 2021 10:06

Rapporter annonse