Utløpt

Vil du være Kartverkets skipsreiar, i det minste ei stund?

Arbeidsgiver
Kartverket
Stillingstittel
Avdelingsdirektør reiarlag
Frist
13.12.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Statens Kartverk
Kartverket driv eit lite reiarlag (rederi) med eitt skip, M/S Hydrograf og tre tilhøyrande arbeidsbåtar. Kartverket planlegg at Havforskningsinstituttet skal overta reiarlagdrifta, men fram til dette er gjennomført, treng vi deg til å leie reiarlaget vårt på ein trygg og god måte. Vi søkjer difor etter ein avdelingsdirektør i midlertidig stilling - ut 2021. Som avdelingsdirektør vil du vere ansvarleg for drifta av reiarlaget og rapportere til direktøren for sjødivisjonen i Kartverket.

MS Hydrograf er moderfartøyet i Kartverkets flåte og er bygd i 1985 ved Simek i Flekkefjord. Ho er på 642 bruttoregistertonn, 43,8 meter lang og har lugarkapasitet til 13 personar. Vi bruker fartøyet til kost og losji for mannskapet og som prosesseringsplattform. MS Hydrograf er utrusta med multistråle-ekkolodd for å kunne drive eiga sjømåling. Tilknytta fartøyet er det tre mindre arbeidsbåtar som vi nyttar til kystnær sjømåling. MS Hydrograf har eit mannskap på 22 personar, 16 maritimt personell og 6 teknisk personell. Reiarlaget har ansvaret for maritimt personell. I reiarlaget er det også tilsett ein teknisk inspektør som rapporterer til avdelingsdirektøren. 
MS Hydrograf er på oppdrag langs norskekysten, i norske havområder og på Svalbard heile året. Kartverket er til stades på Svalbard med fartøyet cirka 10 veker kvar sommar. Resten av tida opererer det langs norskekysten.

Kartverket er i fremste rekkje internasjonalt i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit svært høgt nivå. Vi har vunne prisen for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.

Kartverkets sjødivisjon har om lag 120 tilsette med ein spennande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Kartverkets kontor i Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Drift av reiarlag etter ISM-koden, inklusiv planlegging og gjennomføring av vedlikehald og klassing av fartøy
  • Du vil vere personalleiar for maritimt mannskap og teknisk inspektør
  • Du vil leie og organisere arbeidet i avdelinga og ha økonomiansvar for heile avdelinga
  • Du skal leie og utvikle avdelinga i tråd med mål, strategiar og budsjett
  • Du vil ha ansvar for kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessane i avdelinga, medrekna å førebu og gjennomføre overføring av reiarlaget til Havforskningsinstituttet
  • Du vil vere ansvarleg for avdelingas leveransar, kapasitet og kompetanse

Kvalifikasjonar

  •  Du må ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå, minimum bachelorgrad, innan fagfelta leiing eller drift av fartøy
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av manglande formell utdanning
  • Du må ha minimum tre års arbeidserfaring som leiar
  • Du må ha erfaring med maritim drift av fartøy, anten som offiser på skip eller som tilsett på reiarlagskontor
  • Det er ønskjelig at du har kompetanse på
    • drift av fartøy i samsvar med ISM-koden
    • verne- og miljøarbeid på norske skip
    • vedlikehaldssystem for skip underlagt klassing
    • maritim kompetanse
    • erfaring som sjef av reiarlag

    Personlege eigenskapar

    • Du må ha evne til å motivere, støtte og engasjere medarbeidarane 
    • Du må vere løysingsorientert
    • Du må ha god planleggings- og gjennomføringsevne
    • Du må ha gode kommunikasjonsevner. Svært god norskkunnskap er eit krav, du må kunne kommunisere med tilsette som bruker dialektar frå heile landet.
    • Du må vere utviklingsorientert og endringsdyktig

    Vi tilbyr

    • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
    • Gode høve for kompetanseutvikling
    • Gode velferdsordningar
    • Fleksibel arbeidstidsordning
    • Stillinga blir løna som avdelingsdirektør, fra kr 800 000,- til 850 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
    • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

    Kartverket praktiserer eit inkluderende arbeidsliv. Det inneber at vi ønskjer velkomen kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.  

    Om arbeidsgiveren



    Kartverket dekkjer Noregs behov for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmyndigheit for heile landet.


    Hovudkontoret ligg på Hønefoss. I tillegg har vi 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, samt eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.


    I Kartverket legg vi vekt på tydelege retningsval, gode arbeidsvilkår, kompetanseutvikling og karrieremoglegheiter.

    Kjerneverdiane våre er: Inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

    Sektor
    Offentlig
    Lederkategori
    Leder
    Sted
    Professor Olav Hanssens vei10, 4021 Stavanger
    Bransje
    Maritim og offshore
    Stillingsfunksjon
    Ledelse,
    Annet

    Nøkkelord

    avdelingsdirektør,, reiarlag,, rederi,, leder,, ledelse

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Herman Iversen
    Stillingstittel
    fagdirektør
    Telefon
    93 42 66 12
    Kontaktperson
    Birte Noer Borrevik
    Stillingstittel
    Direktør
    Telefon
    99 28 38 66
    Følg firma
    861 følger dette firmaet

    Professor Olav Hanssens vei10, 4021 Stavanger

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 199864895
    Sist endret 27. nov. 2020 12:34

    Rapporter annonse