Utløpt

Områdeleiar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Områdeleiar
Frist
10.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle regionen Vestland fylke, og har mange ulike ansvarsområder. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar.
Eigedomsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette over heile fylket.
Vestland fylkeskommune har administrasjonsstader ved Sandsli, Førde og Leikanger.
Drift og vedlikehald av bygningsmassen er organisert i driftsområde under leiing av ein områdeleiar.
 
Vi søkjer etter områdeleiar i Nordfjord. Områdeleiar rapporterer til seksjonssjef. Det er for tida seks driftsleiare i Nordfjord som har ansvaret for skulane Firda, Måløy, Eid og Stryn. I tillegg er det tilsyn med to tannklinikkar og fem fiskerihamner i området. Kontorstad er Nordfjordeid. 

Arbeidsoppgåver

Ansvarleg for drift og vedlikehald av fylkeskommunale bygg i området.                                                                                                                                                                                Være leiar for driftseininga i Nordfjord som også innber personalansvar                                                                                                                                                                              
Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
Vera byggeigar sin representant på dei ulike bygga ved innkjøpte tenester tinga ved eigedomssekjonen.
Sørge for at rutiner i forhold til internkontroll blir følgde.                                                                                                                                                                                                        I samarbeid med eigedomsavdelinga vera ansvarleg for at bygget tilfredstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med eigedomsavdelinga herunder delta på offentlege tilsyn.                                                                                                                                                                                                                                                                            Bidra i arbeidet med å utarbeide vedlikehaldsplanar for tildelt bygningsmasse
Være brukarkontakt mellom skule og eigedomsavdelinga.
Andre oppgåver knytt til driftariftsansvar for VLFK sine eigedommar i Nordfjord

Kvalifikasjonar

Teknisk fagskule/ingeniørskule                                                                                        
Kompetanse innan bygg,  tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
Kompetanse innan interkontroll, brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø                                                                                                                            Leiarerfaring

Personlege eigenskapar

Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i administrasjon og skule
Datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy
Trives i miljø med både elevar og andre tilsette

Vi tilbyr

Spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
Engasjerte og dyktige medarbeidarar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode offentlege pensjonsordningar
Lønn etter avtale

Andre opplysningar   
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.          

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nils Endre Grønås
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
982 10 310
Følg firma
216 følger dette firmaet

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 199637056
Sist endret 25. nov. 2020 09:30

Rapporter annonse