Utløpt

Prosjektleiar for E39 Rogfast

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Prosjektleiar for E39 Rogfast
Frist
10.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

I Utbyggingsdivisjonen er det ledig stilling som prosjektleiar for E39 Rogfast i Stavanger.

E39 Rogfast inneber kryssing av Boknafjorden og Kvitsøyfjorden med undersjøisk tunnel, og vil verte verdens lengste og djupaste undersjøiske tunnel når prosjektet står ferdig.

Er du prosjektleiaren som ønskjer nye utfordringar og vil vere med å gjennomføre dette spennande prosjektet?

Kontorstad vil p.t. vere på byggherrekontor i Mekjarvik i Randaberg kommune.


Arbeidsoppgåver

Du har det overordna ansvaret for ein prosjektportefølje og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Prosjektleiaren har personalansvar, og må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte, og syte for at dei utviklar seg.

Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario og vurdere kva krav dette stiller til det vi leverer
  • er god til å takle omgivelser og media på ein positiv måte for prosjektet og Statens vegvesen
  • er resultatorientert og oppteken av å nå prosjektet sine målsetnader
  • innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonskrav
  • Du har minimum 5-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Du har kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • Du har førarkort klasse B
  • Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).


Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
  • bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn blir avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår, minimum kr 817 000,- pr år.

Prosjektleiarar på dette nivået har ikkje rett til kompensasjon for overtid. Som kompensasjon for  overtid, tilgjengelegheit, ubekvem arbeidstid (presse, møter på kveldstid) gir vi eit fast tillegg på kr 100 000,- pr år.


Søknad

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bede om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte prosjektdirektør Kjartan Hove på mobil 90110586.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Mekjarvik byggherrekontor, 4070 Randaberg
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse
Følg firma
4034 følger dette firmaet

Mekjarvik byggherrekontor, 4070 Randaberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 199632969
Sist endret 30. nov. 2020 09:06

Rapporter annonse