Ledig stilling i landsbyen i havet:
- Arbeidsgiver
- Fedje kommune
- Stillingstittel
- Helse- og omsorgssjef
- Frist
- 13.12.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Er du ein strategisk og samlande leiar som både kan vera med og leia arbeidet med dei store reformane, og ha eit auge for detaljane i helse- og sosialfeltet i Fedje kommune? Som tek sin naturlege plass i det interkommunale utviklingsarbeidet, og samstundes kan motivera og leia samarbeidet mellom einingane her i kommunen?
Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande leiar som skal leia helse- og omsorgssektoren. Helse- og omsorgssjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Helse- og omsorgssjefen er med i rådmannen si leiargruppe.
Me ønskjer deg som har
- høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning
- leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring
- jobbar strukturert og målretta
- er god på relasjonsbygging, og evner å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad
- gode samarbeidsevner
- er løysingsorientert og trivst med å skape gode resultat gjennom fokus på handling
Me ser gjerne at du
- har erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt
- har kjennskap til kommunal verksemd, gjerne frå ein liten kommune
- har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
- er fagleg oppdatert på reformane innan helse og omsorg
Me byr på
- Ei interessant leiarstilling med både store og små oppgåver i eit tett og lite miljø
- Nærleik til innbyggjarar, oppgåver og resultat
- Engasjerte medarbeidarar som brenn for innbyggjarane sitt beste
- Å vera ein del av landsbyen i havet med storhavet og naturen tett på, gode naboar og eit aktivt kultur- og friluftsliv
- Hjelp til å skaffa bustad, gratis barnehageplass i ein aktiv barnehage, og eit godt oppvekstmiljø.
- Lønn etter avtale
Søknadsfrist 13.12.20
For meir informasjon: Rådmann Gjermund Hagesæter tlf 56165106/ 934 20 679
Send søknad med minst 2 referansar.
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet!
Om arbeidsgiveren
Fedje Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Omsorg og sosialt arbeid,
- Helsepersonell
Nøkkelord
helse, omsorg, leiar, leder, kommunalsjef
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Gjermund Hagesæter
- Telefon
- 56 16 51 00