Utløpt

Prosjektrektor/Rektor, Fagskulen i Vestland

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune*
Stillingstittel
Prosjektrektor/Rektor, Fagskulen i Vestland
Frist
09.12.2020
Ansettelsesform
Fast

Fagskulen i Hordaland og fagskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman til den nye fagskulen i Vestland frå 1.1.2022. Den nye fagskulen blir Noregs største fagskule med studiestader over heile Vestland fylke med om lag 1300 studentar og 170 tilsette. Vi søkjer no ein prosjektrektor som vil gå inn i rolla som rektor for den nye fagskulen. Rektor svarer til styret for fagskulen, og har tilsetjingsforhold i Vestland fylkeskommune.

I rolla som prosjektrektor vil du leie arbeidet med å forme den nye fagskulen til ein viktig institusjon i Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt. Fagskulesektoren er i endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen i retning av høgare utdanning. Samstundes ønsker skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigste leverandøren av etter- og vidareutdanning og yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Det er ei viktig målsetjing at den nye fagskulen etter kvart skal kunne godkjenne eigne utdanningar innanfor prioriterte område.

Dette er eit eineståande høve til å kunne forme ein utdanningsinstitusjon med dyktige medarbeidarar og eit viktig samfunnsoppdrag.

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med opprettinga av den nye fagskulen, organisering og bemanning i prosjektperioden
  • Skape felles kultur og felles retning for heile den nye skulen. Forankre vedtak og gi informasjon til begge dei eksisterande fagskulane
  • Vere ansvarleg for å sette overordna strategisk retning for fagskulen i samarbeid med styre og tilsette
  • Sikre overordna strategisk styring av Fagskulen
  • Syte for god drift av skulen og tilpassing av fagtilbodet til rammer og etterspurnad
  • Leie arbeidet med økonomistyring og kostnadskontroll
  • Byggje omdømet til den nye skulen hos studentar, arbeidsliv og andre sentrale aktørar
  • Ta initiativ til nettverk og samarbeid med andre fagskular, arbeidsliv, UH-sektor og kompetansemiljø.

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring på strategisk nivå frå fagskule, vidaregåande skule, UH-sektoren eller næringslivet.
  •  God kjennskap til fagskulesystemet, krava til fagskulen og fagskulens plass i det overordna utdanningssystemet.
  • Utdanningsbakgrunn innan organisasjon og leiing, organisasjonsutvikling og/eller pedagogisk kompetanse er ein fordel
  • Erfaring frå samanslåingsprosessar, strategisk utviklingsarbeid på overordna nivå, og arbeid mot politisk nivå er ein fordel.
  • God kjennskap til arbeids- og næringslivet og kompetansebehova i arbeidsmarknaden 

Personlege eigenskapar

  • Sterk strategisk og organisatorisk forståing, dyktig til å setje retning, motivere og inspirere andre
  • God rolle- og organisasjonsforståing
  • Svært gode kommunikasjonseigenskapar
  • Dyktig til å gjennomføre strategiske mål og skape resultat gjennom andre
  • Evne til å bygge og halde ved like sterke relasjonar til nøkkelpersonar internt og eksternt
  • Høg læringskapasitet og sterke analytiske evner
  • Nettverksbyggar som kan skape interesse for fagskulen og byggje omdømet eksternt.

Vi tilbyr

  • Ei unik leiarutfordring for ei skule i utvekling
  • Eit sterkt fagmiljø med tilsette som brenn for skulen og fagutvikling
  • Gode offentlege pensjons og lønsvilkår

 

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Fagskole,, Skoleledelse,, Strategi,, Utdanning,, Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Emil Gadolin
Stillingstittel
Styreleiar
Kontaktperson
Magnus Odéen
Stillingstittel
seniorrådgjevar          
Telefon
48 20 06 68
Følg firma
1070 følger dette firmaet

Haugeveien 28, 5005 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 198870921
Sist endret 18. nov. 2020 16:38

Rapporter annonse