Utløpt

Ønsker du ei stilling i eit spanande fagfelt der du er ei viktig brikke i Bufetats samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
04.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga

Ved Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold er det ledig ei fast 100% stilling som avdelingsleiar.


Arbeidsoppgåver / ansvarsområde
  • Fagleg ansvarleg for avdelinga.
  • Leie tiltaket sitt omsorgs- og endringsarbeid knytt til Traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen OEM
  • Samarbeid med familie, nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar.
  • Ansvar for rapportering og internkontroll for eiga avdeling.
  • Økonomi- og administrasjonsansvar for avdelinga.
  • Personalansvar.
  • Ansvar for turnus og arbeidstidsordning i avdelinga.
  • Samarbeid med tillitsvalgte og verneombod samt deltaking i lokalt samarbeidsutvalg.
  • Deltaking i Bufetat leiarskule.
  • Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet på Skjoldvegen barnevernsenter, og leiing av avdelinga vil være i nært samarbeid med leiargruppa. Avdelingsleiar rapporterar til einingsleiar.
  • Avdelingsleiar skal forhalde seg til lover, reglar og retningslinjer som gjeld for fagområdet og for statleg verksemd.
  • Avdelingsleiar må vera ein pådrivar og motivator i den pågåande implementeringa av Omsorgs- og endringsmodellen.

Kva for ein bakgrunn har du?

Vi ser etter deg med:

  • minimum tre års utdanning fra høgskule/universitet som bachelorgrad. Anna relevant utdanning tilsvarande 180 stp. innan sosialfag kan vurderast
  • vidareutdanning og erfaring innan leiing og administrasjon med minimum 15 stp er ynskjeleg
  • erfaring frå relevant institusjonsarbeid og personleg eignaheit for stilinga
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • evne til å gjennomføre dagleg drift av avdelinga gjennom å planlegge, evaluere og beslutte  
  • evne til å tole ein pressande kvardag
  • evne til å stå i utfordrande faglege situasjonar, vera fleksibel og ha evne til omstilling

Det stilles store krav til kommunikasjon og samarbeid i eiga eining, i Bufetat og i forhold til eksterne samarbeidspartnarar. Avdelingsleiar må legge til rette for gode arbeidsprosessar, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar. 


Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og utvikling
  • Kunne stå støtt i endring og utvikling over tid
  • Engasjere og motivere medarbeidere til kunnskapsbasert arbeid
  • Ha ei positiv innstilling og evne til å sjå løysningar
  • God vurderingsevne og evne til å oppnå gode relasjoner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

Dette kan vi tilby
  • Stilling i eit spanande fagfelt der du er ei viktig brikke i samfunnsoppdraget om å gje ungdom i institusjon moglegheiter til eiga utvikling i trygge rammer.
  • Stilling som avdelingsleiar er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 490 600-643 000 pr. år (ltr. 55-70). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkar
  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedstting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk
  • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold.
  • Politiattest vil bli kravd ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje verta ført opp på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje vert teke til følgje.

Kontaktinformasjon
  • Einingsleiar Toril Dyngen, mob. 466 15 516
  • Avdelingsleiar Sigrid Arianson, mob. 466 19 787

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Skjoldvegen barnevernsenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 4-4, 4.ledd og § 4-12. Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; i Fyllingsdalen, på Søfteland og Skjold med til saman 14 plasser. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse
Følg firma
4299 følger dette firmaet

Skjoldvegen 51, 5221 Nesttun

Annonseinformasjon

FINN-kode 198801541
Sist endret 17. nov. 2020 22:02

Rapporter annonse