Utløpt

Assisterande einingsleiar i Akuttmottak

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar i Akuttmottak
Frist
04.12.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Mottaksklinikken tok i 2019 imot om lag 38 000 akutt sjuke pasientar. Akuttmottak kan tilby ein variert, krevjande arbeidsdag og eit triveleg og lærerikt arbeid. Akuttmottak er moderne og framtidsretta og har fokus på pasientar, pårørande og personleg utvikling for dei tilsette. I møte med pasientar og pårørande er sjukepleiar i samhandling med mange yrkesgrupper i sjukehuset. Akuttmottak tar årleg i mot over 38.000 pasientar.

Akuttmottak har ei spennande stilling ledig som assisterande einingsleiar. Vi tilbyr ei stilling med mange utfordringar og spennande oppgåver. Stillinga vil vere 80% som assisterande einingsleiar og 20% som sjukepleiar i Akuttmottak på helg.

Vi ønskjer ein person med brei erfaring innan akuttmedisin som har erfaring frå opplæring og undervising. Vidare vert det lagt vekt på gode fomidlings- og samarbeidsevner. Det er viktig at søkjar innehar eigenskapar til å jobbe sjølvstendig og kan ta avgjerder. 

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for den daglege drifta
  • Utarbeide retningsliner og delta i prosjekt 
  • Personaloppfølging, herunder medarbeidersamtalar for enkelte grupper
  • Forbetringsarbeid
  • Undervising og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Leiarerfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid  
  • Svært god IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av å halde deg fagleg oppdatert 
  • Ansvarbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å byggje relasjonar og følgje opp resultat
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • Evne til å arbeide målretta og er beslutningsdyktig
  • Du trivast godt med å undervise, og formidlar faget på ein strukturert og pedagogisk måte
  • Du er god til å finne nye løysingar, og bidrar aktivt med kunnskap og kompetanse
  • Endringsvillig og klar for nye utfordringar 
  • Du er bevisst di rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Akuttmottak tilbyr faglege og personlege utfordringar i ei avdeling prega av høgt arbeidstempo, godt arbeidsmiljø og trivsel
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om arbeidsgiveren



Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Ledelse

Nøkkelord

Assisterande, einingsleiar, i, Akuttmottak,, sjukepleie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Robert Nekkøy
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 79 26
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 198238970
Sist endret 13. nov. 2020 13:03

Rapporter annonse