Utløpt

Brenn du for å leie digital utvikling?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Teknisk Leiar for NDLA
Frist
29.11.2020
Ansettelsesform
Fast
NDLA sitt oppdrag er å skape digitale læremiddel av høg kvalitet og tenester for vidaregåande opplæring. Som leiar for IT og digitalisering får du ansvar for å utvikle og drifte våre digitale tenester. Ei sentral oppgåve er å omsette behov og utviklingsønske til gode løysingar og leie arbeidet for å få desse implementert. Stillinga inngår i leiargruppa og du vil samarbeide tett med denne, andre medarbeidarar og leverandørar for å lukkast.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og forvalte verksemda sitt teknologiske vegkart og strategiar
  • Ansvar for teknisk utvikling og applikasjonsforvaltning
  • Ansvar for innkjøpsprosessar, kontraktar,  leverandørstyring og oppfølging
  • Bidra til det overordna strategiske arbeidet i NDLA
  • Rekruttere til eventuelle stillingar innanfor teknisk utvikling og forvaltning

Som leiar får du ansvar for å bestille og følgje opp utvikling og leveranser av digitale tenester.
Desse vert utvikla med moderne teknologiar og levert som skytenester.  

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Kompetanse innan strategisk styring av komplekse teknologiske plattformer
  • Kompetanse til å leie utvikling og drift av skytenester og plattformer
  • Kjennskap til etablerte teknologiar og metodar for moderne programvareutvikling og forvaltning
  • God forståing av kostnader knytt til IT-utvikling og forvaltning


Erfaring med økonomistyring, offentlege anbodskonkurransar, samt kjennskap til digitale læringsressursar (OER), Ed-tech, open kjeldekode, APIar og sentrale kodespråk er ein fordel.  

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein initiativrik leiar med gode visjonar for digitalisering og digital tenesteutvikling. Du må gjerne brenne for utvikling og nyskaping og vårt idégrunnlag. Kor langt du har kome i karrieren er ikkje det viktigaste, men heller kva retning du ønsker å utvikle deg i.  Vi trur du er fagleg trygg og kan kommunisere tydeleg til ulike målgrupper.

Vi tilbyr

  • Ein kvardag med stort ansvar, utfordrande og varierte oppgåver
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling, utdanning, konferansar, samarbeid, sertifiseringer mv.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible ordningar
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Løn etter avtale

 

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Stillinga er ei fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune som og er vertskommune for samarbeidet.
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppsmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren



Om verksemda 


I NDLA bygger alt vi gjer på prinsippet om openheit, tilgjengelegheit, deling, gjenbruk og samarbeid. Difor er læremiddel og tenester på ndla.no gratis og tilgjengeleg for alle og difor nyttar vi open kjeldekode.


Digitalisering og utvikling av teknologi vil vere viktig for vårt oppdrag om å støtte læring og undervisning. Vi søkjer derfor ein dyktig leiar og fagperson til å leie arbeidet med digitalisering og teknisk utvikling. NDLA er eit samarbeid mellom 10 fylkeskommunar.


Vi søkjer samarbeid nasjonalt og internasjonalt for å skape felles verdiar. På den måten bidreg vi til å sikre utdanning for alle.


Ndla.no er idag Noregs største og mest besøkte portal for læremiddel og læringsressursar med læremiddel til over 100 fag. Vi har 450 000 besøk og over ein million sidevisningar i veka. No har vi sett ambisiøse mål for dei neste 5 åra der vi skal satse vidare på læremiddel og betre tenester rundt desse. Vi skal  bygge opp ei delingsteneste for eit nasjonalt læringsfellesskap og ta initiativ til utvikling av eit nasjonalt økosystem for læremiddel.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Agnes Mowinckels gate 6, 5008 Bergen
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
Ledelse,
IT utvikling / Systemarkitekt

Nøkkelord

it-leder, ed-tech, løsningsarkitekt, virksomhetsarkitekt, digitalisering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigurd Trageton
Stillingstittel
leiar
Telefon
922 17 818
Kontaktperson
Magnus Odéen
Stillingstittel
seniorrådgjevar HR          
Telefon
482 00 668
Følg firma
214 følger dette firmaet

Agnes Mowinckels gate 6, 5008 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 197447362
Sist endret 6. nov. 2020 15:30

Rapporter annonse