Utløpt

Ønskjer du ein spanande og utfordrande jobb? Da kan dette vere jobben for deg!

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Årdal omsorgssenter
Frist
15.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Hjelmeland kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar ved Årdal omsorgsenter frå 01.01.2021 eller etter avtale.

Årdal Omsorgsenter har 21 bebuarrom fordelt på to avdelingar. Avdeling Bøen er somatisk  langtidsavdeling og avdeling Oasen er skjerma avdeling innan demensomsorg. Kvar avdeling har fagansvarleg sjukepleiar.

Ansvar og arbeidsoppgåver:
Einingsleiar er del av rådmannens utvida leiargruppe og rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
Einingsleiar har heilhetleg ansvar for økonomistyring, personaloppfølging, fagansvar og dagleg drift. Einingsleiar er sentral i kommunens drift av helse og omsorg.


Me søkjer ein leiar som:

  • Er mål og resultatorientert med evne til å nå resultata i samarbeid med sine medarbeidare
  • Har evne til å tenke heilskapleg, også utover sektornivå
  • Har leiarerfaring/vidareutdanning innan helseleiing
  • Er sjølvstendig, lagspiller og med gode kommuniksjonsevner
  • Har sjukepleiarutdanning eller annan relevant helse/sosialfagleg utdanning frå høgskole/universitet
  • Har gode samarbeidsevner og likar å arbeida i team
  • Har god erfaring i bruk av IT som verktøy
  • Har gode norske skriftlige og muntlige evner


Me tilbyr:

  • Ei utfordrande stilling med eit samfunnsoppdrag i stadig utvikling
  • Eit godtfungerande fagleg leiarnettverk
  • Ein spennande og utfordrande arbeidskvardag
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtalar
  • Lønn etter avtale
  • Kommunal pensjon- og forskringsordning

Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om ordningane i kommunen.


Politiattest
Politiattest nyare enn tre månader må leverast før oppstart i stillinga. 

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Om arbeidsgiveren

Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største
kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600
innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.
Kommunen sin visjon; Hjelmeland naturlegvis gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel
mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.
Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på
arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Melevegen 136, 4137 Årdal i Ryfylke
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Haug Flem
Telefon
40 43 90 50
Følg firma
6 følger dette firmaet

Melevegen 136, 4137 Årdal i Ryfylke

Annonseinformasjon

FINN-kode 196549939
Sist endret 29. okt. 2020 13:01

Rapporter annonse