Utløpt

Avdelingsleiar i Statped vest - Høyrselsavdelinga

Arbeidsgiver
Statped
Frist
15.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATPED

Det er ledig stilling som avdelingsleiar i høyrselsavdelinga i Statped vest.  Avdelinga har 7 årsverk. I tillegg til å vere ein del av regiondirektøren si leiargruppe, vil avdelingsleiaren også vere ein del av eit leiarnettverk på tvers av dei fire regionane og landsdekkande fagleg eining i Statped. 

Du vil som avdelingsleiar bli leiar i eit kompetent fagleg miljø med dugande medarbeidarar. Medarbeidarane i avdelinga har arbeidsoppgåver knytt til audiofagleg rådgjeving og ulike former for digital og/eller fysisk kompetanseformidling for barn, unge og vaksne i tilknyting til høyrselsfeltet. 
Statped er no i ei omstilling, og oppgåvene til stillinga vil bli endra i samsvar med nytt mandat for organisasjonen og ny organisering av Statped.

Både i regionen og gjennom leiarnettverket vil du kunne initiere og ta del i spennande leiaroppgåver. Statped har sett arbeid med digitalisering høgt på dagsorden, og dette er eitt av områda som det er høve til å vere med å utvikle vidare.
Statped er i perioden 2020-2024 under omstilling. Arbeidsstad vil derfor kunne vere på alle  Statped sine lokasjonar i Noreg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar tek del i utviklinga av regionen i lys av omstillingsprosessane som pågår i Statped
  • Avdelingsleiar er ansvarleg for å vidareutvikle høyrselsavdelinga slik at den best mogeleg støttar brukarar, grupper av brukarar, kommunar og fylkeskommunar i regionen. Avdelinga skal også bidra til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing.
  • Den som vert tilsett skal bidra til vidareutvikling av Statped vest sitt tenestetilbod i dialog med kommunale oppdragsgjevarar og PP-tenesta som næraste samarbeidspart
  • Samhandle med andre norske og internasjonale fagmiljø på området
  • Avdelingsleiar rapporterer til regiondirektør  
  • Delta i andre oppgåver i Statped

 

Personlege eigenskapar

  • God til å kommunisere og samarbeide med andre
  • Kreativ og fleksibel
  • Sjølvstendig, analytisk og resultatorientert
  • Utviklingsorientert og kvalitetsmedviten
  • Beherske bruk av administrativ IKT verktøy  

 

Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:

  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå. Leiarerfaring frå høyrselsfeltet kan kompensere for kravet til mastergrad  
  • Relevant leiarerfaring. Du må raskt kunne gå inn i oppgåvene som ligg til stillinga
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid kring oppvekstvilkår for barn og unge vil vere ein fordel
  • Gode system- og forvaltningskunnskapar
  • God kunnskap om norsk skule- og utdanningspolitikk
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Skriftleg framstilling på begge målformer
  • God rolleforståing
  • Personleg eigna

 

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som avdelingsleiar (st.kode 1407) i ltr 68-78 tilsvarande kr. 618.600-768.500 brutto pr. år
  • Ei leiarstilling som vert ein del av ein stor omstillingsprosess i Statped
  • Gode høve til å påverke utviklinga av Statped sitt tenestetilbod og kompetanseformidling
  • Gode kollegaar og ein organisasjon i omstilling og endring
  • Mykje bruk av team - og prosjektorganisering
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode høve til fagleg utvikling
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med m.a. tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån
  • Fleksibel arbeidstidsordning

 

Kontaktinfo
Regiondirektør Gerd Ingunn Opdal, tlf. 906 20 938

 

Andre opplysningar

  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Fast
  • Tiltreding: 15.01.2021
  • Tal på stillingar: 1
  • Arbeidsstad: Statped

 

Statped er opptatt av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Søkjarar som opplyser at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa si inkluderingsdugnad.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vert varsla om reservasjonen ikkje vert tatt til følge, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Den som vert tilsett må rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tilsette i staten.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5231 Paradis
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Leder, avdelingsleder, spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gerd Ingunn Opdal
Stillingstittel
Regiondirektør
Telefon
90 62 09 38
Følg firma
818 følger dette firmaet

5231 Paradis

Annonseinformasjon

FINN-kode 196535247
Sist endret 29. okt. 2020 10:44

Rapporter annonse