Avdelingssjef
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Avdelingssjef ved Avdeling for medisinsk genetikk
- Frist
- 16.11.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Avdeling for medisinsk genetikk er organisert i seksjonar for klinisk genetikk, genomiske avvik, sekvensavvik, tolking og utvikling, og merkantile tenester, i tillegg til Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft. Avdelinga held til i lyse og trivelege lokale i 6. etg. i Laboratoriebygget. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse på ulike nivå. Spesialistar i medisinsk genetikk (legar) og genetisk rettleiarar driv den pasientretta verksemda og bioingeniørar, legar og molekylæbiologar driv laboratorieverksemd, samt forsking og utvikling. Den diagnostiske laboratorieverksemda vart akkreditert i 2015.
Medisinsk genetikk er eit fagfelt under rask utvikling og det er aukande etterspurnad etter våre tenester. Avdelinga har stor forskingsverksemd og eit godt tverrfagleg samarbeid med UiB, kliniske avdelingar og dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken. Ein forventar at avdelingssjefen blir ein pådrivar i å leggje til rette for forsking og utdanning, og det vil bli opna for at den som vert tilsett kan ha ei bistilling ved universitetet dersom den akademiske kompetansen er tilfredstillande.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for organisering og drift av avdelinga
- Overordna personalansvar for alle ved avdelinga
- Leggje til rette for forsking og utvikling av høg kvalitet
- Ansvar for god samhandling med andre avdelingar, andre sjukehus, nasjonale- og internasjonale institusjonar og universitet
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg/laboratoriefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå
- Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd
- Leiarerfaring og gjerne også erfaring frå forskingsleiing
- God innsikt i nasjonale og internasjonale utviklingstrekk innan faget
- Erfaring frå samarbeid på tvers av institusjonar og avdelingar
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere medarbeidarane
- Høg gjennomføringsevne, strategisk og målretta
- Endringsvillig
- Må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø
- Vere tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar
Vi tilbyr
- Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår for den rette søkaren
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Helsepersonell / Bioingeniør,
- Helsepersonell
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Grete Thue
- Stillingstittel
- Konst. klinikkdirektør
- Telefon
- 55 97 31 19
- Kontaktperson
- Gunnar Mellgren
- Stillingstittel
- Klinikkdirektør, prof. dr.med.
- Telefon
- 55 97 43 66
Følg firma
2234 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen