Utløpt

Driftsleiar VA

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Driftsleiar VA
Frist
08.11.2020
Ansettelsesform
Fast

 
Vil du bli vår nye driftsleiar for VA?    
(og vera med og produsera det viktigaste næringsmiddelet i Kvam)  

Avdelinga innan vatn og avløp i Kvam herad har i dag 7 tilsette (6 operatørar og 1 driftsleiar) og har ansvaret for drift og vedlikehald av alle kommunale VA-anlegg i Kvam og deler av Samnanger (Kvamskogen). Produksjon av drikkevatn skjer i Ålvik, Skålheim, Kvamskogen, Strandebarm og Mundheim. Tilsvarande er det mange mindre anlegg for mottak av avløpsvatn i heile kommunen. I tillegg har kommunen eit nytt og moderne avløpsrenseanlegg i Øystese som reinsar vatn frå Kvamskogen, Øystese og Norheimsund.

Avdelinga består av dyktige operatørar og har tilgjengeleg mykje nytt utstyr. Driftsleiar er del av vaktordninga. Stillinga er ledig frå årsskiftet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale anlegg innan vassproduksjon og avløpsrensing
  • Overordna leiing av avdelinga 
  • Vidareutvikla avdelinga i tråd med ny teknologi, kunnskap og arbeidsmetodar
  • Planlegga mindre utbetringar på anlegg eller ledningsnett
  • Bidra og sikra eit godt samarbeid med overordna mynde som Fylkesmann og Mattilsynet
  • Delta i rullerande vaktordning
  • Kontakt mot abonnentar, myndigheiter, og eksterne entreprenørar/leverandørar

Kvalifikasjonar

 Me ser gjerne at du har noko erfaring frå eller kjennskap til:

  • Anleggs- eller vassbransjen, tilsvarande stilling eller andre leiaroppgåver
  • Arbeid med risikoanalysar, beredskapsplanar, kvalitetssystem og strategiar innan bransjen
  • HMS innan VA
  • Utdanning innan eit eller fleire tekniske fag t.d. kjemi/prosess, røyrlegging, automasjon eller maskin 
  • Ynskjeleg med fagbrev/fagskule/ingeniørutdanning
  • Førarkort, minimum kl. B, men ynskjeleg også med tyngre køyretøy/tilhengar
  • Det er ein fordel om du kjenner til LEAN og prinsippa om kontinuerleg forbetring 

Personlege eigenskapar

Som leiar i Kvam herad ventar kommunen at du er profesjonell, innovativ, lagspelar, meistringsorientert og effektjegar.
Ut over det som ligg i desse forventingane, ynskjer me at du er/har: 

  • Interessert i fagfeltet og gjev tydeleg retning
  • Konstruktiv og initiativtakar
  • Resultatorientert - effektiv, pliktoppfyllande og lojal
  • Endringsvillig, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag
  • Gode evner til å motivera, inspirera og engasjera andre      

Vi tilbyr

  • Svært varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Nye drifts-system som kan utviklast vidare
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
  • Godt arbeidsmiljø

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haugamyrvegen 30, 5600 Norheimsund
Bransje
Offentlig administrasjon,
VVS
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Driftsleder, -, VA, -, Vann

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nils Eivind Stranden
Stillingstittel
Leiar kommunalteknikk
Telefon
95 94 28 81
Kontaktperson
Erling Eid
Stillingstittel
Driftsleiar VA
Telefon
90 69 93 17
Følg firma
50 følger dette firmaet

Haugamyrvegen 30, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 194944377
Sist endret 15. okt. 2020 11:12

Rapporter annonse