Utløpt

Klinikksjef Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Klinikksjef Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Frist
08.11.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vi søker deg som brenn for å vidareutvikle fagmiljøa og pasienttilbodet i Nordmøre og Romsdal. 
 
Våren 2024 opnar vi eit topp moderne akuttsjukehus med traumefunksjon på Hjelset i Nordmøre og Romsdal. Som klinikksjef for SNR vil du både få ansvaret for akuttsjukehuset på Hjelset og det elektive sjukehuset i Kristiansund med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgisk verksemd
 
I tida fram til akuttsjukehuset på Hjelset opnar skal du leie dei eksisterande sjukehusa i Molde og Kristiansund. Samstundes skal du sikre at dei to fagmiljøa blir samkøyrde og klar for innflytting i nytt akuttsjukehus våren 2024. Du vil bli ein aktiv bidragsyter i å utvikle organisasjonen vidare slik at den er rigga for framtidas drift, der rekruttering av fagfolk er ei svært viktig oppgåve. I Kristiansund vil sjukehuset drifte under same tak som dei kommunale tenestane. Ambisjonen er at vi - saman med kommuna - skal utvikle framtidas helsetenester på tvers av forvaltningsnivå.
 
Du skal leie dei kirurgiske, medisinske og akuttmedisinske fagområda i Nordmøre og Romsdal. Samstundes vil ein viktig oppgåve vere å koordinere aktiviteten med klinikkar som er organisert på tvers av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.
 
Vi forventar lik tilstedeværelse ved begge sjukehusa.

Arbeidsoppgåver

 Klinikksjef utgjer saman med administrerande direktør, dei andre klinikksjefane og stabsdirektørane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammar og verdigrunnlag

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
  • Leiarerfaring frå større kunnskapsorganisasjonar
  • Relevant yrkeserfaring og innsikt i aktuelle fagområde

Personlege eigenskapar

 Du er ansvarleg, nytenkande og tenker føretaksperspektiv. Du har erfaring frå å løyse samansatte problemstillingar. Du er endringsvillig, handlekraftig og kommuniserer på ein måte som inspirerar og motiverar andre. Du er kommunikativ med gode samarbeidsevner og er god på å bygge relasjonar. 

Vi tilbyr

Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal. Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagutvikling.
Vi tilbyr konkurransedyktige løns- og personalvilkår, medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade- forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. Vi er ein IA-organisasjon (IA=inkluderande arbeidsliv).
 
Andre opplysningar:
Helse Møre og Romsdal arbeidar for meiroffentlegheit, og søkjarlista til stillinga vil bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkjar vert kontakta dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følge.

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Hjelset og Kristiansund, 6450 Hjelset
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell

Nøkkelord

klinikksjef, Leder, organisasjonsutvikling, helse, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Bakke
Stillingstittel
Adm .Direktør
Telefon
91 36 99 81
Følg firma
209 følger dette firmaet

Hjelset og Kristiansund, 6450 Hjelset

Annonseinformasjon

FINN-kode 194932091
Sist endret 15. okt. 2020 08:55

Rapporter annonse