Utløpt

Strategisk partnar/ drivar

Arbeidsgiver
Fjordslottet Hotell AS
Stillingstittel
Strategisk partnar/ drivar
Frist
25.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Fjordslottet Hotell AS - herskapeleg og historisk - på Osterøy, søkjer deg som har lyst til å ta eigarskap og få til ei vidareutvikling og vekst gjennom strategisk partnarskap/driftsansvar. Fjordslottet har vore i drift sidan 1975 , og frå 1997 som hotell.

Fjordslottet Hotel sine målgrupper i dag er kurs og konferansar,møte, selskap,bryllup og samlingar, samt individuell ferie- og næringstrafikk.

Målet vil vera å vidareutvikla Fjordslottet mot eksisterande kundegrupper og på matsida med lokalmatutvikling.

Osterøy er strategisk plassert som nabokommune til Bergen. Osterøy og Osterfjorden kan tilby spektakulære fjord og naturopplevingar, 

Gjennom Visit Osterøy, Osterøy Utvikling AS og Visit Bergen vert det gjort viktig arbeid med reiselivsutvikling, og Fjordslottet samarbeider aktivt for å utvikla nye reiselivsprodukt og Osterøy som destinasjon.

Osterøy er også ein del av Nordhordland Biosfæreområde - det første UNESCO bærekraftprosjeket i Norge. Osterøy er elles kjent som småindustriens Mekka med eit variert og aktivt industri- og gründarmiljø.

På Osterøy er det kort veg mellom attraksjonane: Herlandsfossen kraftverk, Kossdalsvegen, Hamre Kyrkje, Ole Bull huset, Havråtunet, Osterøy Museum, Herlandsnesjane etc.

Vi søkjer etter eit par eller person(ar) som ser mogelegheitene, har pågangsmot, gjennomføringskraft, ambisjonar, stor arbeidskapasitet og samarbeidsevne.


De/du bør være strukturerte, kreative og serviceinnstilte.

Vi vil vera ein god støttespelar og tilbyr relevant kompetanse og erfaring.

Vi vil at de/du skal verta aktiv medeigar i driftsselskapet.

Er du den vi søkjer etter ?

Søknadsfrist: 25. november. For ytterlegare informasjon, tlf. 91365522

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Erik Myking
Mobil
91 36 55 22
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 194852928
Sist endret 25. nov. 2020 15:08

Rapporter annonse